Venture Cup-finale fredag


Vladimir Marchenkov er Universitetet i Stavanger sitt håp i Venture Cup. Komande fredag deltek han i finalen – i eit festshow på heimebane.

Venture Cup er ein konkurranse i entreprenørskap og utvikling av forretningsidear, som kvart år vert arrangert av Start Norge. Eit viktig mål er at deltakarane skal lære, få erfaring og skaffa seg kontaktar.

Tevlinga er Nordens største i sitt slag. Den er retta mot studentar og har tre fasar - lokal, regional og nasjonal. Petroleumsstudent Marchenkov er blant dei sju som har pressa seg gjennom nålauget til den nasjonale finalen, som vert arrangert i Tjodhallen på UiS den 1. oktober.

Oppfinningar
Petroleumsstudenten har laga ei forretningsplan for gründerselskapet Solid Solutions. Dette selskapet er tufta på oppfinningane til John Grønli, som er laboratorieleiar ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi.

Grønli har mellom anna forska på korleis stoffet bitumen kan nyttast på ein ny måte. Metoden er å fryse ned små perler av stoffet, slik at det smeltar. Då kan ein mellom anna nytte stoffet som lim mellom gatestein på ein effektiv og energisparande måte.

Firmaet Solid Solutions er stifta saman med UiS sitt kontor for teknologioverføring, Prekubator. Vladimir Marchenkovs prosjekt har vore å lage ein forretningsplan for selskapet.

Nyttig forretningsplan
– Eg har aldri gjort noko slikt før, men fekk veldig gode tilbakemeldingar frå Prekubator, seier petroleumsstudenten.

– Eg brukte særs mykje tid på marknadsundersøkingar, priskalkylar, marknadsføring og analyser av konkurrerande produkt. Solid Solutions skal nytte min forretningsplan i si vidare utvikling, seier Marchenkov stolt.

Stolt rektor
Rektor Aslaug Mikkelsen seier ho er stolt av at UiS har ein student med i finalen.

– Dette prosjektet er eit glitrande eksempel på korleis studentar tek del i forskings- og utviklingsarbeid på UiS og samarbeid med industrien. Eg er stolt av å få vise fram dette prosjektet nasjonalt og ynskjer Vladimir Marchenkov lykke til i finalen, seier Mikkelsen.

Finaleshowet, som inneheld både humor og musikk, startar den 1. oktober kl 1830 og går føre seg i Tjodhallen på UiS.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (30.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol