Ketil Knutsen kommenterer valet i Sverige


Samfunnsvitar Ketil Knutsen ved Universitetet i Stavanger kommenterer i dag det svenske Riksdagsvalet på TV2 Nyhetskanalen.

Svenskane går til valurnene søndag 19. september, men i dag gir Ketil Knutsen sin statusrapport, drygt to veker før sjølve valdagen. Reportasjen vil rullere heile måndag på TV2 Nyhetskanalen.

Knutsen er mykje brukt som kommentator i media i politiske saker. Ved siste Stortingsval kommenterte han aktuelle saker for NRK Rogaland på radio og tv gjennom heile valkampen.
 


Sist oppdatert av (06.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol