UiS-student solist i Carmen


Masterstudent Wibeke Wetaas ved Universitetet i Stavanger er klar for solistrolle i Carmen 2010 på den gamle operascenen i Oslo.

Oslo Opera Festival finn stad 3. til 19. september i den gamle operaen i Oslo, noverande Folketeateret. På programmet står ein modernisert utgåve av ei av verdas mest populære operaer, Carmen, som blei komponert av Bizet og hadde urpremiere i Paris i 1875.

Forutan hovudrollene, er songarane unge talent som alle er plukka ut på ein audition av en jury leia av festivalen sin styreleiar, sopran , som er professor i song ved Universitetet i Stavanger.

Blant songarane er Wibeke Wetaas, som er masterstudent ved Institutt for musikk og dans ved UiS. Ho har rolla som sigøynarjenta Frasquita, ei av venninnene til Carmen.

Høgdepunkt
- Eg har hatt store roller før, men å få syngje ei solistrolle i Carmen i den gamle operaen er eit høgdepunkt i karrieren så langt, seier Wetaas.

Ho har bakgrunn frå fleire roller, både innanfor opera og musikal. Mellom anna har ho gjort Dido i Dido og Aeneas, hoffdame 1. i Chip and his dog og Ellen i Miss Saigon. Wetaas har også sunge og arrangert fleire operaaftene, mellom anna i Festiviteten i Haugesund.

- Etter at eg kom vidare på audition i januar, blei Carmen 2010 satt opp i Hamar under Flagstadfestivalen i juni. Eg føler meg heldig som no får vere med på oppsetjinga i Oslo Opera Festival, fortel ho.

Profesjonelt miljø
I Carmen 2010 er handlinga flytta frå 1820-talets Sevilla til dagens Oslo. Oppsetjinga er på nynorsk med oversatt libretto av forfattaren Edvard Hoem.

- Det er fantastisk og lærerikt å få arbeide i eit så profesjonelt miljø. Eg kunne ikkje gjort dette utan alt eg har lært av Elizabeth Norberg-Schulz. Ho har hatt trua på meg heile vegen. Som songar vert ein aldri ferdig utlært, seier Wetaas.
 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (06.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol