Vann pris for forsking på turistoppleving


Masterstudent Mirjam Haidler vann prisen for beste masteroppgåve på Norsk hotellhøgskole ved UiS for skuleåret 2009-2010. Haidler forska på korleis folks ferieopplevingar påverka humøret deira.

Mirjam Haidler har vore masterstudent på studiet internasjonal hotell- og reiselivsadministrasjon ved Norsk hotellhøgskole.

Haidler, som kjem frå Østerrike, tok i si masteroppgåve opp spørsmål knytt til korleis ferieopplevingane kan påverke den reisande si stemning og velvære.

Prisen frå NHO reiseliv var på 10 000 kroner og blei delt ut av Hans Kristian Bestum, representant frå NHO-reiseliv, saman med instituttleiar Truls Engstrøm ved NHS.


Sist oppdatert av (06.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Instituttleiar ved NHS, Truls Engstrøm, prisvinnar Mirjam Haidler og NHO-representant Hans Kristian Bestum.
STOLT PRISVINNAR: Instituttleiar ved NHS, Truls Engstrøm (til venstre) og NHO-representant Hans Kristian Bestum gratulerer prisvinnar Mirjam Haidler for beste masteroppgåve ved NHS.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER