Praksis ga ny kulturforståing


Sosionomstudentane Siri Lene Mjåland og Kathrine Larsen har fått nær kjennskap til korleis det er å vere ny i Noreg. Gjennom eit pilotprosjekt har dei vore hjelpeverjer for einslege mindreårige flyktningar.

Siri Lene Mjåland og Kathrine Larsen er på besøk hjå andreårsstudentane på sosionomutdanninga. Saman med universitetslektor Rutt Bengtsson presenterer dei Den uavhengige sosialrådgjevinga i Stavanger (DUS), som er ei gratis teneste drive av studentane ved sosionomutdanninga i Stavanger. Målet er å få mange til å melde seg til å vere med og ta vakter.

Dei to tredjeårsstudentane hadde i vår praksisen sin ved DUS. Gjennom praksisen fekk dei òg vere med i eit pilotprosjekt i regi av Overformynderiet i Stavanger, Hero, Stavanger kommune og UiS.

Bratt læringskurve
– Overformynderiet tok kontakt fordi dei mangla hjelpeverjer for einslege mindreårige flyktningar. Me takka ja, og har fått eit spennande prosjekt med svært bratt læringskurve. Her får studentane møte menneske som har opplevd mellom anna vold, krig, sexovergrep og traume. Det blir ein tett relasjon, og studentane fylgjer dei mindreårige inn i det offentlege hjelpeapparatet, seier Rutt Bengtsson ved Institutt for sosialfag.

Siri Lene Mjåland, Kathrine Larsen og fire andre studentar fekk ansvar for tre flyktningar kvar. Dette gav dei svært relevante erfaringar til å ta med seg vidare i arbeidslivet, og dei fekk ei betre kulturforståing. Historiene dei unge flyktningane fortalde var så sterke at dei ofte kunne sitje igjen med klump i halsen.

– Ungdommane var i alderen 14 til 17 år, og nokre av dei hadde traume etter vanskelege reiser hit til landet. Det gjorde godt for flyktningane å få fortelje si eiga historie, og me lytta og støtta dei. Men ein av dei meinte han ikkje kunne seie alt, fordi han ville skåne oss, fortel Siri Lene Mjåland.

Ny forståing
Rolla som hjelpeverje er formelt å skrive under på ulike papir. Vanlegvis er hjelpeverje ein ein til ein-relasjon, men her var det ei studentgruppe som arbeidde saman. Dei jobba alle mot eit felles mål, som var å planleggje og gjennomføre gode aktivitetar som skapa gjensidig tillit og respekt. Sidan studentane ikkje har lov til å ta imot løn under praksis, brukte dei pengane til aktivitetskveldar for flyktningane. Annankvar torsdag gjekk dei til dømes på kino og bowling.

– Gjennom prosjektet har me fått ei ny forståing av korleis det er å vere ny i Noreg. Til dømes var me i banken med ein ungdom, og det blei til saman tre besøk. Dette syntes eg var mykje, men tilbakemeldinga var at han lærte veldig mykje. Berre å forstå at ein skal trekkje kølapp og vente på tala som kjem opp, ting me reknar som sjølvsagt, seier Siri Lene Mjåland.

Rettleiing
Men rolla som hjelpeverje har og vore utfordrande. Sidan dei nesten var like gamle, måtte dei i starten avklare korleis ungdommane såg på dei. Etter kvart blei det slik at flyktningane rekna hjelpeverja som ei søster, og ikkje ei mor. Men dei tykte det var svært stas med ei hjelpeverje, og hadde respekt for studentane med ein gang.

Dei unge flyktningane lever ofte i ei slags boble, for det er ikkje uvanleg at dei må vente eit par år før dei får vite om dei får opphald. Som verjer snakka studentane gjerne med UDI for å høyre kor langt dei var kome i prosessen.

– Eg har følt at det har gått greitt, for me får god rettleiing undervegs. Skulle eg stått åleine om alt, ville det vore mykje vanskelegare, seier Kathrine Larsen.

Det fleirkulturelle Noreg
Rutt Bengtsson, som er prosjektleiar og koordinator for DUS-kontoret, seier det er mykje snakk om barn, unge og familien det andre året på sosionom. Likevel meiner ho det er svært viktig å tenke på korleis ein går fram i det fleirkulturelle Noreg.

– Dette pilotprosjektet fylgjer rammeplanen, og handlar både om nettverk, teori, kommunikasjon og konfliktar. Alt dette er problemstillingar ein sosialarbeidar kjem borti, og her får studentane jobbe med verkelege menneske og reelle problemstillingar, seier Bengtsson.

Ifølgje Bengtsson har studentane mellom anna fått god kunnskap om lovar og reglar som gjeld i norsk asylpolitikk, lært bruken av tolk og fått med seg gode erfaringar med direkte kontaktetablering av einslege mindreårige ungdommar.

Ved Institutt for sosialfag har dei god erfaring med å la studentar vere med i ulike prosjektarbeid. Til dømes var fire studentar med i det store nasjonale prosjektet ”Det nye barnevernet” med prosjektleiar og professor Elisabeth Willumsen. Og det skal ikkje slutte her.

– Me vil fortsetje å ha fokus på praksis og praksisnær forsking, avsluttar Bengtsson.
 


Sist oppdatert av (30.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol