Nytt masterstudium i petroleumsgeologi


Dette semesteret starta dei første 13 studentane som tar master i petroleumsgeologi. – Oljeselskap treng personell som både har kompetanse innan ingeniørarbeid og geologi. Det får vi med denne utdanninga, seier student Nieve El Souki.

– Det kjennes litt som å være ein del av eit eksperiment, seier Nieve El Souki.

Ho kjem rett frå førelesning i faget Matematisk modell 1, og går på det nye masterstudiet i petroleumsgeologi.

– Fleire av faga vi tar er nye. Sjølv om strukturen på utdanninga er ny, er professorane ekspertar på sine fagfelt. Eg trur vi kjem til å lære mye, seier Mihreteab S. Teklehaimanut, som tar same mastergrad.

Vil bruke geologikunnskap
Teklehaimanut kjem frå Eritrea og har frå før av ein bachelorgrad i geologi.

– Min største motivasjon for å ta master i petroleumsgeologi er interessa for faget. Då eg valde utdanning, vurderte eg korleis eg kunne bruke utdanningsbakgrunnen min i geologi her i Noreg. Då var det naturlig å velje petroleumsgeologi. At det er stort behov for folk med denne bakgrunnen i industrien var óg viktig for valet mitt, seier Teklehaimanut.

Det er 13 studentar som tar master i petroleumsteknologi dette semesteret.
 

Foreinar ulike disiplinar
Medan Teklehaimanut har bakgrunn som geolog, har El Souki bachelor i geokjemi. Catalina Moreno, som også går på masterstudiet, har bachelor i geologi, slik som Teklehaimanut.

– Med denne mastergraden integrerast fleire ulike disiplinar. Å lage ein mastergrad som inneheld både geologi og ingeniørarbeid er innovativt, seier El Souki. 

Behov for petroleumsgeologar
– Det er eit enormt behov for folk med bakgrunn innan petroleumsgeologi i industrien, seier Alejandro Escalona, førsteamanuensis ved Institutt for petroleumsteknologi ved UiS.

Escalona tok initiativ til å starte opp masterutdanninga, og var også ansvarleg for at bachelorutdanninga i same fag blei oppretta i 2008. Det har blitt bygga moderne laboratorium med liknande utstyr som i industrien som nyttast av studentar og forskarar på UiS.

 

Støtte frå næringslivet

Næringslivet i regionen har støtta oppstarten av det nye masterstudiet. Både Statoil og ConocoPhillips har bidrege med økonomisk støtte. Samen med Oljedirektoratet har dei gitt tilbakemelding på om utdanninga er i tråd med kva type arbeidskraft industrien har behov for. Escalona peker på at mastergradene i petroleumsgeologi og petroleumsteknologi utfyllar kvarandre.

– Petroleumsgeologi tar spesielt opp oljeleiting og forståing for eigenskapar ved reservoara, medan petroleumsteknologi i større grad tar opp korleis ein får oljen opp. På begge studia lærer ein om korleis ein kan minke økonomiske kostnader og skader på miljøet i arbeidet med å utvinne olje, seier han.

 

Les meir om master i petroleumsgeologi (engelsk).

 


Sist oppdatert av (30.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
F. v.: Emmanuel Ebuka Uzuegbu, Catalina Moreno, Ninga Papi Oumarou,  Nieve El Souki, Mihreteab S. Teklehaimanut og Angeliki Kreona
– Å lage ein grad som både inneheld geologi og ingeniørarbeid er innovativt, meiner masterstudent Nieve El Souki. F. v.: Emmanuel Ebuka Uzuegbu, Catalina Moreno, Ninga Papi Oumarou, Nieve El Souki, Mihreteab S. Teklehaimanut og Angeliki Kreona.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER