Åpent filosofisk forum i haust


Haustens opne filosofering tek til mandag 30. august kl 19:30 i 2. etasje på Cardinal pub med innleiing av UiS-professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen over tittelen: ”En er nok når ingen er for mange”.

Foredraget til professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen tek utgangspunkt i arbeidet med den intellektuelle biografien til poeten, sakprosaforfattaren og litteratur- og retorikkforskaren Georg Johannesen (1931-2005), av mange rekna som Noregs viktigaste modernistiske forfattar. I denne samanhengen vil eit viktig poeng vere å framheva inspirasjonen han fann i antikk stoisk og epikureisk filosofi, og sameleis kva førmoderne litteratur og estetikk hadde å seie for tenkinga og diktinga hans.

Programmet for resten av hausten ser slik ut:

30. august Bjørn K. Nicolaysen: "En er nok, når ingen er for mange" - Georg Johannesen: poet, essayist og politisk retoriker

13. september
Per Dahl: "Anvendt musikkestetikk"

27. september Roald Martinussen: "Retten og Evolusjonen". Litt om samfunnsskapte regler og regler som ligger i genene

8. november: Øyvind Foss: "Når ideer blir til blod - forspillet til Holocaust"

22. november: Knud Lunde: "Filosofisk flis i fingen - er sløyd filosofi?"

Alle møta er i 2. etasje på Cardinal kl. 19:30.

 


Sist oppdatert av (05.10.2010)

Skriv ut artikkel print symbol