Skal forske på oljeindustrien i Brasil


Forsking på tryggleik i oljeindustrien i Brasil er målet når Universitetet i Stavanger no har underteikna ein intensjonsavtale med Universitetet i Fluminense i Nitteroy i delstaten Rio de Janeiro.

Professor Preben Lindøe ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag ved UiS er prosjektleiar for eit stort norsk forskingsprosjekt som samanliknar reguleringa av oljeindustrien i USA og Norge.

I forlenginga av dette prosjektet skal det no forskast på helse, miljø og tryggleik i oljeindustrien til havs i Brasil. Ifølgje Lindøe vil ein i prosjektet kunne vurdere kva tiltak og ordningar som kan overførast frå norsk sokkel og til Brasils sokkel.

Avtalen skal vere starten på noko som kan bli eit omfattande samarbeid, som også kan kome til å omfatte studentutveksling.

Aktuelt tema
Ifølgje Lindøe er tryggingsarbeid saman med helse- miljøspørsmål blitt svært aktuelt etter ulukka i Mexicogolfen med riggen "Deepwater Horizon". 

Mellom anna er tre representantar frå Universitetet i Stavanger med i granskingskommisjonen som er sett ned i USA etter utblåsinga i Golfen.


 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (27.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol