Kriterium for å få publikasjonspoeng


Universitetsbiblioteket har som oppgåve å registrere publikasjonar frå tilsette ved UiS. Ved hjelp av regelverk og kriterium utarbeida av Kunnskapsdepartementet avgjer vi kva slag av desse publikasjonane som får publikasjonspoeng.

Antal publikasjonspoeng er medverkande til kor mykje støtte UiS får frå det offentlege. Dessverre er det ikkje alle publikasjonar som genererer poeng. Det er utarbeida eit sett med kriterium som gir klare føringar på kva som er poenggivande og kva som ikkje er det. Ei oversikt over desse kriteria finn du her.

Vi på biblioteket må halde oss til desse kriteria i registreringsarbeidet vårt. Når vi vurderer om publikasjonen er poenggivande vurderer vi følgjeleg ikkje om den er "god" eller "dårleg", eller kva slag vitskapelege funn og påstandar som vert framma. Vi ser på om den oppfyller departementet sine krav for å kvalifisera til publikasjonspoeng.

Forfattarar av vitskapelege monografiar og artiklar i antologiar som gir publikasjonspoeng skal levere desse til universitetsbiblioteket og merke dei ”forslag til vitenskapeleg registrering i Bibsys”. Biblioteket gir tilbakemelding om resultatet av vurderinga. Dersom du får negativ tilbakemelding skuldast det etter all sannsynlegheit at det er eit eller fleire av departementet sine kriterium publikasjonen din ikkje oppfyller.

Bibliotekdirektør Espen Skjoldal gir ein litt mer inngåande beskriving av kriteria for utdeling av publikasjonspoeng, i eit dokument som du finn her.

For å gjere det enkelt for tilsette å finne fram til reglar og kriterier for vitenskapeleg publisering, har vi lagt ei lenke på framsida av biblioteket si side for tilsette. Lenka ligg under punktet "Forskningshjelp".


 


Sist oppdatert av John David Didriksen (30.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol