Nye studentbustader


Ved studiestart står 98 nye leilegheiter klare på Campus Ullandhaug. Ingrid Dirdal Sem var den første til å flytte inn.

– Først syntes eg hybelen var liten, men så snart eg fekk alle tinga mine inn blei det heimekoseleg. Dette er akkurat passe for meg, seier Sem, som skal ta engelsk årsstudium.

Fire ny bustadblokker, heilt sørvest på Campus Ullandhaug, ventar no på å bli tekne i bruk. Alle har felleskjøkken og felles opphaldsrom.

Totalt inneheld prosjektet 75 ettromsleilegheiter og 23 leilegheiter for par. Alle har eige bad og minikjøkken.

Formell seremoni
Leiar for SIS Bustad, Øyvind Lorentzen, er nøgd med dei nye bustadane, som skal innviast med formell seremoni onsdag 25. august.

Det er arkitektfirma Studio Ludo som har teikna bustadane og Block Berge Bygg er totalentreprenør. Arbeidet starta i september 2009 og står som planlagd klare til semesterstarten i år.

Byggjer vidare
Fleire prosjekter er i løypa. No i august vert 16 nye familieleilegheiter ferdigstilte. Dei ligg i Novområdet like over grensa til Sola kommune, 500 meter frå UiS.

Neste haust skal enda fleire studentar få bo på campus. Ei tomt i det nordaustre hjørnet av universitetsområdet står klar til neste prosjekt, som i første omgang skal gi 185 sengeplassar. Arbeidet tek til denne eller neste månad.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (13.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol