Toppscore for UiS-utdanning


Alle lærarar som har delteke i vidareutdanninga Kompetanse for kvalitet ved Universitetet i Stavanger i 2009-2010 vurderer studiet som godt eller svært godt.

I ei spørjeundersøking frå Rambøll Management Consulting konkluderast det med at tilbodet har vore ein suksess. Lærarane som deltok i studium ved UiS gir svært gode tilbakemeldingar. 100 prosent av lærarane meiner det faglege og fagdidaktiske innhaldet i studia ved UiS er godt eller svært godt.

Vil endre undervisinga
UiS er blant dei utdanningsinstitusjonane som tilbyr studieplassar innan den nasjonale strategien Kompetanse for kvalitet. Målsettinga med vidareutdanninga er å styrke kompetansen, men denne styrkinga er mindre verdt viss den ikkje omsettast i klasseromma. Undersøkinga tyder på at utdanninga faktisk endrar undervisinga. 68,4% vil gjere endringar etter studiet ved UiS, og 31,6% vil endra undervisninga i nokon grad.

Alle studia organisert gjennom strategien Kompetanse for kvalitet har ein internettbasert del og ein samlingsbasert del. 100% av lærarane er godt eller svært godt nøgde med samlingane ved Universitetet i Stavanger. 89,5% er godt eller svært godt nøgde med den nettbaserte delen av studia.

Praksisnært
- Dette er hyggelig og viser at me gjer ein solid jobb. Studiet skal vere praksisnært og lærarane bruker eigne elevar gjennom studiet. Vi set difor pris på at så mange av deltakarane oppfattar studiet som relevant, seier instituttleiar ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk ved UiS.

På landsbasis deltok 4 536 lærarar i vidareutdanninga i studieåret 2009/2010. Munthe håper den gode responsen fører til at skuleeigarar sender enda fleire lærarar til UiS for kompetanseheving.
 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (20.01.2014)

Skriv ut artikkel print symbol