Saman for betre barnevern


Kommande barnevernspedagogar er i Wales for å lære meir og dele erfaringar. I to veker skal dei 12 studentane frå UiS drøfte sine opplevingar i praksisfeltet med barnevernsstudentar frå Wales og Litauen.

Barnevernspedagogutdanninga ved Institutt for sosialfag ved UiS er med i eit internasjonalt praksisutvekslingsprogram, eit såkalla Intensive Programme, som er finansiert gjennom Erasmus-middel frå EU.

Programmet samlar studentar og førelesarar frå høgare utdanningsinstitusjonar i Europa for å drøfte og sjå nærmare på erfaringar frå praksis i dei ulike landa.

Skodespel som læring
I tillegg til bachelorstudentane frå UiS deltek også 12 studentar frå Universitetet i Newport i Wales og 12 studentar frå Universitetet i Vilnius i Litauen.

Saman skal dei mellom anna jobbe med tema som konflikt og undertrykking, og med metoden Forum Teater, der teater blir brukt som verktøy for konfliktløysing.

Gjennom denne teaterforma skal studentane diskutere seg gjennom problemstillingar og ta del i framsyninga som skodespelarar. Replikkar skal takast på sparket.

Utfordringar på tvers
- Studentane skal møtast for å utveksle eigne praksiserfaringar og teoriar med tanke på læring i ein breiare internasjonal samanheng, seier dosent Reidar S. Østerhaug, som er prosjektleiar på Institutt for sosialfag ved UiS.

- For studentane vil eit slikt møte gi unik moglegheit for fagleg innsikt og refleksjon over sosialpedagogiske utfordringar i ulike kulturelle og politiske kontekstar, seier Østerhaug, som har med seg tre av kollegaene sine til samlinga i Newport.

Det to veker lange opphaldet frå 21. juni til 5. juli er del av studentane sin ordinære praksisperiode.

Meir om praksisprogrammet ved Institutt for sosialfag
 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (22.06.2010)

Skriv ut artikkel print symbol