Desse kan hindre husbrannar


Kvart år brenn fleire industribygg ned fordi det blir brukt open eld når taka skal tekkjast. Ein ny metode for handtering av materialet og råstoffet bitumen kan hindre brann.

Stoffet bitumen er ein del av råolje og blir mellom anna brukt i takpapp, asfalt og til å halde på plass gatestein. Når stoffet skal brukast, er det vanleg å varme det opp slik at det blir flytande. Ein ny metode for handtering av bitumen kan gjere bruken av stoffet enklare, spare energi og hindre ulukker.

Metoden går ut på at bitumen blir forma til små perler og fryst ned. Perlene smeltar ved eit par minusgrader, og det er ikkje naudsynt å varme dei opp.

 

Lovande labforsøk

John Charles Grønli, laboratorieleiar ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi ved UiS, har stifta selskapet Solid Solution saman med Prekubator, Ipark og IRIS Forskningsinvest. Planlegginga av bruken av bitumenperler ved taktekking er enno i startfasen.

– Vi har gjort innleiande labforsøk med stoffet som ser lovande ut. I forsøka finn vi ut kor fort dei ulike kulene smeltar, og kva typar som eignar seg best, seier Grønli.


Festar gatestein med bitumen

Like ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ligg eit felt med gatestein som er festa med bitumenperler. Ideen til den nye behandlinga av råstoffet fekk Grønli etter at han hadde vore på eit møte hos Vegvesenet i Bergen om bruk av gatestein.

Over heile landet hadde det vore eit problem at gatesteinen losna. Det har vore mest vanleg å nytte sand for å få gatestein til å sitje fast. Problemet med sanden er at han blir vaska ut av regnet. Utan sanden blir steinane lause når bussar i bysentrum køyrer over dei.

Det har blitt nytta bitumen i fuger mellom gatestein før òg, men prosessen med å helle det flytande stoffet ned mellom gatesteinane er tidkrevjande.

– Med bitumenperler kan stoffet kostast ned i fugene. Det er enklare og tek mindre tid enn å helle flytande stoff ned mellom steinane. I tillegg sparer vi energi fordi vi slepp å varme opp stoffet, seier Grønli.

 

Vil du vite meir?
John Charles Grønli, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet,

tlf.: 51 83 19 19, e-post: john.gronli@uis.no


Tekst: Ida Gudjonsson
Foto: Elisabeth Tønnessen
 


Sist oppdatert av (11.06.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bitumenperler i hand
NYTTIGE PERLER: Nei, det er ikkje kaffibønner. Råstoffet bitumen kan formast til små perler og frysast ned, og vips har du ein ny og god metode for taktekking og gatesteinsbygging.
John Charles Grønli
SPARAR ENERGI: Den nye metoden for handtering av bitumen sparar energi, påpekar John Charles Grønli.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER