Høgdepunkt i forskinga


Er du nysgjerrig på kva forskarane ved Universitetet i Stavanger held på med? Ja, då bør du lese det nye UniverS.

Det siste nummer av UniverS er ein FoU-rapport for 2009. Les du dette nummeret får du eit innsyn i kva som skjer innan dei åtte doktorgradsprogramma våre og dei 23 programområda for forsking ved UiS.

Les pdf-versjonen av magasinet.

Doktorgradsprogramma representerer ein sentral del av forsking og undervising ved UiS. Dei blir presentert her med samandrag av alle avhandlingane som er produsert i løpet av 2009. I tillegg har vi plukka ut nokre kandidatar til korte intervju.

Nye nettverk
UiS har dei siste par åra satsa på å stimulere forskarar som tilhøyrer same miljø, til å inngå meir forpliktande og langsiktig samarbeid. Ved utgangen av 2009 hadde 250 fagpersonar ved UiS danna 23 programområde for forsking. Alle blir presentert i denne rapporten.

I tillegg omtaler vi forskingsåret 2009 på IRIS og AM samt at vi har med ein liten rapportering frå teknologioverføringskontoret Prekubator, som UiS er deleigar av.

Sand og blåskjel
Vi håper også at dei mange artiklane vi har skrive om forsking ved UiS blir lesen og sett pris på. Du kan blant anna lese om tryggleikskulturen ved norske sjukehus og om forsking som fører til betre kommunikasjon mellom datamaskinar. Vi skriv òg om sand-forskarar ved Arkeologisk museum og om korleis blåskjel kan brukast til å avsløre forureining i havet.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (06.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol