Etter Eyjafjallajökull: Eit dagsseminar for norsk barnelitteraturforsking


Torsdag 10. juni møtest barnelitteraturforskarar frå Universiteta i Agder og Stavanger, Høgskolen i Bergen og Norsk barnebokinstitutt til seminar på UiS. Forskarane skulle delteke på ein nordisk konferanse i Stockholm i april, men blei forhindra på grunn av islandsk vulkanaske.

Innlegga på seminaret representerer mangfaldet i fagfeltet, presentasjonane handlar om bildebøker, filmadaptasjonar av bildebøker, Astrid Lindgren, historiske perspektiv, noveller, litteraturkritikk, nasjonsbygging og globalisering. Seminaret skal også diskutera etableringa av eit nytt barnelitterært forskingstiddskrift.

Program

10.00 Frammøte, kaffi, opning
1015-1045 Agnes-Margrethe Bjorvand: Kropp i bevegelse i bildeboka Känner du Pippi Langstrump?
1045-1115 Nina Goga: Estetisk tenkning i nyere bildebokkritikk.
1115-1145 Gunvor Risa: ”Noget om Moerskabslæsning”. Lesing, skole og litteratur i Norge i første halvdel av 1800-talet.
1145-1230 Lunsj
1230-1300 Svein Slettan: Forandringas stader. Om noveller for barn og unge.
1300-1330 Kristin Ørjasæter: ”Nasjonal metaforikk i globaliseringens tidsalder. Eksempler fra norsk samtidslitteratur”
1330-1345 Pause
1345-1415 Tone Birkeland: Den lille historien om krigen. Min bestemor strøk kongens skjorter som bildebok og animasjonsfilm.
1415-1445 Ingeborg Mjør: Når bildeboka Apan fin (1999) blir høgtlesing og animasjonsfilm.
1445-1530 Oppsummering og diskusjon om publiseringssituasjonen for barnelitteraturforskinga. Orientering ved Kristin Ørjasæter.

 


Sist oppdatert av (09.06.2010)

Skriv ut artikkel print symbol