Ursin-Smith er Årets oljemann


Society for Petroleum Engineers (SPE) har kåra Kjell Ursin-Smith til Oilman of the Year.

Kjell Ursin-Smith er leiar for konferansen Offshore Northern Seas (ONS). I tillegg leier han finansieringsutvalet ved Universitetet i Stavanger.

Prisen vart delt ut under den årlege SPE-festen, med over 500 gjestar. Det var styreleiar Jan Roar Drechsler som delte ut prisen.

- Sterk ambassadør
- Kjell Ursin-Smith har ein unik karriere innan politikk, samfunn og forretningsverksemd. Hans sosiale engasjement strekk seg langt utanfor hans eige arbeidsliv, og han er ein sterk ambassadør for både Noreg og Stavanger-regionen. Som leiar for ONS er han av de sterkaste ambassadørane for norsk olje- og gassindustri, seier Drechsler til Petromagasinet.no.

Positivt for samfunnet
Kjell Ursin-Smith var takksam for utmerkinga.

- Eg er stolt over å vere ein del av den norske olje- og gassindustrien. Den har hatt ein enormt positiv innverknad på samfunnet. For hundre år sidan var Noreg blant dei fattigaste landa i Europa, mens vi no er blant dei rikaste, seier Ursin-Smith.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.06.2010)

Skriv ut artikkel print symbol