Lydopptak av bokpresentasjon med Atle Skaftun


Atle Skaftun presenterte si bok "Litteraturens nytteverdi" på tysdag, med Bjørn Kvalsvik Nicolaysen som kommentator. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av han, eller vil høyra han om att, er dette no mogleg.

Førsteamanuensis Atle Skaftun presenterte boka "Litteraturens nytteverdi" på tysdag. Ho tek for seg kva plass skjønnlitteraturen skal ha i norskfaget i framtida. Denne plassen er ikkje så sjølvsagt som han var før. Skaftun legg vekt på at ein ikkje lenger kan leggje einsidig vekt på estetisk kvalitet og oppleving når ein forsvarer skjønnlitteraturen sin plass, ein må finne nye måtar å legitimere at ein bruker tid og andre ressursar på å gå gjennom klassikarar og samtidslitteratur. "Litteraturens nytteverdi" er eit forsøk på å stake ut ei retning for denne legitimeringa, både teoretisk og praktisk.

Professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen uttrykte, trass i enkelte kritiske merknadar, begeistring for boka. Han uttalte at ho kan få liv i den norske debatten om litteraturdidaktikk, ein debatt han meiner har gått på tomgang i fleire år. Skaftun stiller ein del fundamentale spørsmål som det elles ikkje er vanleg å stille, han oppmoder til ein debatt som kanskje burde vore i gang for lenge sidan.

Forskningsdirektør Helge Ole Bergesen hadde ei kort innleiing til presentasjonen.


Podcast
Du kan høyre presentasjonen ved å klikke på lenkja under og vidare på "Skaftun.mp3". Presentasjonen varer i ca. 32 minuttar.

HØYR SKAFTUN SIN BOKPRESENTASJON HER

Dersom du ønskjer å laste ned presentasjonen, og til dømes laste han over på ein Mp3-spelar eller brenne han på ein CD, kan du høgreklikke på "Skaftun.mp3" og velje "Lagre mål som". Då blir fila lagra på maskina di, og du kan høyre ho slik det passar deg. Fila er på ca. 29 MB.

På denne sida er det mogleg å abonnere på bokpresentasjonar som RSS. Klikk på "Abonner på denne feeden" øverst på sida dersom du ønskjer det.

iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å koma til UiS si side, og gå videre inn på Universitetsbiblioteket under UiS Research for å kome til bokpresentasjonane vi har lagt ut.
 


Sist oppdatert av John David Didriksen (07.05.2010)

Skriv ut artikkel print symbol