Den glade vandrer


– Å vandre er ikkje det same som å reise, meiner førsteamanuensis Finn Tveito ved Universitetet i Stavanger. Han slår eit slag for turar utan mål.

Det at nokre av forfedrane våre reiste seg opp på to, var medverkande til at hjernen vart større og til at arten menneske oppstod.

At det å gå er så vesentleg for eksistensgrunnlaget vårt, er det få som tenkjer på. Som regel gjer vi bruk av føtene utan å tenkje over kor viktig denne aktiviteten er.

Med boka Det vandrande mennesket ønskjer førsteamanuensis ved UiS Finn Tveito å få oss til å sjå på gå-aktiviteten som ei rørsle som ikkje berre gjer oss i stand til å sanse og observere omgjevnadene, men som i seg sjølv genererer både tankekraft og energi som mennesket treng for å leve.

Litteraturhistorisk vandring
Med mål om å utforske kva vandring er, har han teke for seg mange tekstar i ulike sjangrar, frå romantikken med sitt idealistiske syn på det å vandre og fram til vår tids vandremåtar.

Tveito skriv at romantikken sin lengsel etter natur og stemning øydelegg til tider for vandrarens kontakt med omgjevnadane.

Av nyare litteratur har han mellom anna studert Tomas Espedal si bok Gå, (eller Kunsten å leve et vilt og poetisk liv) frå 2006. Tveito skriv at det ofte vert for mykje fokus på målet med vandringa, anten det er snakk om å gå på ski over Grønland eller leggje ut på pilegrimsferd.

– Vandring er ikkje det same som reising. Det er nokså ulike aktivitetar viss du ser grundig etter. Den reisande vil til dømes etter reisa ofte vere den same som før. Vandraren har større potensial til personleg utvikling til å frigjere seg frå banda til samfunnet, seier Tveito.

Han meiner at det er ein kvalitativ skilnad på å vandre og å bli frakta gjennom landskapet, til dømes i bil.

– Muskelaktiviteten du bruker for å komme deg fram, medverkar til andre opplevingar enn når du vert frakta. Å vandre er dessutan stimulerande for tanken. Ein er i bevegelse mens ein tenkjer, samstundes som ein opplever noko. I tillegg kjem du i større grad i nærkontakt med omgjevnadane enn når du vert frakta gjennom landskapet, meiner Tveito.

Metallinnkapsla i bil
– Er dagens vandrar ein original?

– Vandraren er ein eksentrisk skikkelse som vert sett på som raring og ein outsider. Å køyre bil, det reknast derimot som normalt. Eg ser det ikkje slik.

Tveito har lite til overs for privatbilismen og meiner at bilen dannar eit skal mellom mennesket og omgjevnadene. Sjølv har Tveito ikkje bil og bruker, i tillegg til beina, buss, båt og sykkel som transportmiddel.

– Bilen set i dag premissane for samfunnsutviklinga. Ved å køyre mykje bil tapar individet kontakt med omgjevnadane. Som individ vert du metallinnkapsla i eit lukka rom. Mange gjer seg i dag altfor avhengige av bilen, synest Tveito.

Han understrekar at bilistar har sterke organisasjonar i ryggen, medan dei som går har få talsmenn.

– I dag er det ei veldig interesse for nye formar for drivstoff, men særpreget til bilen er det same uansett drivstoff, fastslår han.

Fjell og nærmiljø like viktig
Han er fødd i Hardanger og vandra i ungdomen mykje i fjellheimen. Seinare har han gått i byfjella rundt Bergen, men fjellet er ikkje tema i boka. Heller ikkje trimaspektet er så viktig for Tveito.

– Eg er like oppteken av vandring i nærmiljøet som i fjellet. Det viktigaste er å bruke føtene der ein kan. Vandring er for meg fri livsutfolding, og eg treng ikkje gå så veldig langt.

– Det kan tilsynelatande sjå trivielt ut, men ein produserer noko når ein går, ein skaper nye perspektiv og innsikter, seier han.

I kapittelet om byvandring vier Tveito mykje plass til Virginia Wolf og hennar Mrs. Dalloway som vandrar gatelangs i London. Tveito skriv óg om flanøren, betraktaren som slentrar gjennom bygatene og som mellom anna er skildra av Charles Baudelaire.

– I byen kan du oppleve mykje spennande og gjere viktige oppdagingar. Som byvandrar opplever ein også mangfaldet som moderne byar har, noko eksotisk, framande og rart. Eg ynskjer å framheve verdien av å vandre i moderne byar, og meiner at ein skal ikkje framheve vandring i naturen så sterkt at ein misser byperspektivet.

Tveito legg også vekt på det sosiale aspektet.

– Når du vandrar i en småby, treffer du nokon stadig vekk. Du vil kanskje ikkje oppleve det heilt same i ein storby, men der skjer det til gjengjeld noko spennande heile tida, seier han.


Sist oppdatert av (03.05.2010)

Skriv ut artikkel print symbol