UiS i europeisk jazzsamarbeid


Institutt for musikk og dans ved UiS deltek i tidenes største europeiske forskingsprosjekt innan jazz. Prosjektet blir sparka i gong under Maijazz med eit symposium i Bjergsted onsdag 5. mai.

Prosjektet, som har tittelen ”Rhytm Changes: Jazz Cultures and European Identities”, har fått rundt 11 millionar kroner i EU-midlar gjennom nettverket Humanities in the Human Research Area (HERA). Med i det treårige prosjektet er også universiteta i Salford, Amsterdam, Birmingham City, København, Graz og Lancaster.

Målet er å forske på nasjonale trendar i jazzen, samt endringar i den europeiske jazzscena. Også samarbeidet mellom akademia og utøvarar vil bli behandla. Ein vil også sjå nærmare på musikkindustrien og nasjonale løyvingsmyndigheiter sine bidrag til jazzsjangeren i deltakarlanda i forhold til utvikling. I tillegg er ny medieteknologi eit tema.

Førsteamanuensis Petter Frost Fadnes ved Universitetet i Stavanger legg ikkje skjul på at han er glad for høvet til å delta i det prestisjetunge prosjektet. UIS blei vurdert på grunnlag av ein søknad på 100 sider. Prosjektet har fire hovudfokus, og UiS har ansvar for den utøvande delen. Forskingsresultata vil blant anna bli presentert i bokform og på cd.

- Dette er ein gylden moglegheit til å sjå nærmare på nasjonal identitet innan jazz, seier han.

Observerer frå scenekanten
Frost Fadnes er sjølv ein erfaren saksofonist og komponist med fleire cd-utgivingar bak seg. Saman med trioen The Geordie Approach skal Frost Fadnes no turnere rundt i Europa og observere publikum sin respons frå scenekanten.

- Improviserte uttrykk er spesielt vare for publikumspåverknad, Eg vil sjå på dei varierande dialogar mellom musikarar og publikum i forskjellige europeiske land. Nasjonale jazzidentitetar skal på denne måten utforskast gjennom utøvande forsking. Same strategi skal også nyttast i ein serie med workshops rundt på europeiske konservatorium, fortel han.

Frost Fadnes skal også involvere jazzstudentar i arbeidet.

- Studentar utgjer den generasjonen som snart skal ut i profesjonelle karrierar. Er dei framleis interesserte i amerikansk jazz eller er det europeisk jazz som gjeld? Høyrer dei på Jan Garbarek og Bobo Stenson eller andre ting? Dette er viktige spørsmål for den nasjonale identiteten vår. Nokre land har sterkare nasjonal identitet enn andre. Eg håper at forskinga vår kan gi innspel til kulturpolitikken, seier Frost Fadnes.

Symposium
Onsdag 5. mai presenterer Blå Trå og Institutt for musikk og dans eit dagssymposium med temaet jazz og identitet. Her blir følgjande spørsmål stilt: Kva er jazzen sin status quo og korleis vil framtidas jazz utvikle seg? Aktuelle målgrupper er musikarar, studentar, arrangørar, journalistar, akademikarar, kulturpolitikarar og elles alle jazzinteresserte.

Blant foredragshaldarane er leiaren for det europeiske jazzprosjektet, Dr. Tony Whyton frå University of Salford. Han vil fortelje om tematikken i prosjektet.

- Ein av grunnane til at tildelingspanelet var så positive til prosjektet, var at prosjektet skal bruke jazz til å undersøkje endringar i europeisk kultur. Med forskingsresultata våre kan ein ta for seg eit større spørsmål, nemleg om vi framleis er særprega land eller om teknologien og kulturelle endringar, saman med politiske endringar, har gjort oss meir like, seier Whyton i ei pressemelding.

Stavangerstudentar bidreg
Blant deltakarane er også den britiske forfattaren og jasskritikaren Stuart Nicholson, som gir eit visjonært innlegg om jazz, identitet og framtida til stilarten. Nicholson har skrive boka Is Jazz Dead? (Or Has It Moved to a. New Address).

Jazzstudentane ved IMD gir sin heilt spesielle situasjonsrapport på vegner av dagens unge musikarar.

Les meir om symposiet på Maijazz sine heimesider
 


Sist oppdatert av (30.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Petter Frost Fadnes
Førsteamanuensis Petter Frost Fadnes ved Institutt for musikk og dans ved UiS skal sjå på dialogar mellom musikarar og publikum i forskjellige europeiske land.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER