Første disputas i medisin ved UiS


Stephen Sollid disputerer for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger fredag 7. mai. Med si avhandling om risikoanalyse i akuttmedisin er han den første medisinar som disputerer ved UiS.

I si avhandling “Risk management in Critical Care Medicine as a Tool to Improve Patient Safety” har Stephen Sollid teke i bruk risikoanalyse for å sjå på den kvaliteten I behandlinga som kritisk sjuke og skadde pasientar får.

Desse pasientane er særleg utsette for feil i den medisinske behandlinga og i sitt doktorgradsarbeid har Sollid sett nærmare på avansert behandling gitt av anestesilegar.

Må bli betre på pustehjelp
Forskinga til Sollid tyder på at det er behov for ei kvalitetsforbetring, særleg når det kjem til mellommenneskelege faktorar, haldningar og system.

- Kunnskapen vår om kvalitet på nokre av dei avanserte tiltaka er avgrensa til data det er vanskeleg å samanlikne. Det gjeld mellom anna data om intubasjon utanfor sjukehus, fortel Sollid.

Dette er behandling der anestesilegar legg plastrøyr ned i pusterøyret til pasienten fordi kritisk og akutte sjuke ikkje sjølv klarer å sikre luft til lungene. Dette kan vere pasientar som har vore i ei trafikkulykke eller som har fått hjertestans eller har lungesjukdom.

Ny standard
Det har vore tvil om effekten av intubasjon ved surstoffmangel, blant anna fordi forskarane ikkje har vore samde om kva som skal registrerast og analyserast. I si forsking har Stephen Sollid kome fram til ein ny standard som skal rette på det.

I sitt forskingsarbeid har han leia ei internasjonal gruppe med dei største ekspertane i Europa og USA på luftvegshandtering utanfor sjukehus. Saman har dei no blitt einige om kva som bør registrerast og analyserast når dei må drive avansert luftvegshandtering utanfor sjukehus.

- Som legar må me registrere kva me gjer når me er ute på oppdrag. På sjukehus er det gjort mange studiar på korleis ein jobbar med intubering, men utanfor sjukehus ser vi at helsepersonell ofte bruker eigne definisjonar, seier ha

- Dette gjer at det er vanskeleg å samanlikne data etterpå. Men no har vi laga ein felles mal, seier Sollid, som sjølv er utdanna anestesilege, men som i dag jobbar som overlege ved Oslo Universitetssykehus og i Norsk Luftambulanse.

Risikoanalyse nyttig
Hovudkonklusjonen i avhandlinga til Sollid er at risikoanalyse er eit nyttig og viktig verktøy i arbeidet med å betre pasientsikkerheit.

- Vi har teke ei anna tilnærming til pasientsikkerheit gjennom å bruke risikoanalyse. Vi har brukt risikoanalyse innanfor akuttmedisin, slik som det blir brukt innan offshore og luftfart, seier Sollid.

Han håper det kan bidra til at risikostyring blir ein integrert del av pasientsikkerheitsarbeidet, med auka forståing for helsefaget i risikostyringsmiljøet og omvendt.

- Malen vi har laga for registrering av data når det gjeld intubasjon utanfor sjukehus håper vi også vil bidra til auka forståing for dette avanserte tiltaket, seier han.

Doktorgradsarbeidet er finansiert av Stiftelsen Norsk Luftambulanse, Lærdals fond for Akuttmedisin og Helse Vest HF.

Stephen Sollid si forsking har vore del av det tverrfaglege forskingsprogrammet for pasientsikkerheit ved UiS. Han er den tredje kandidaten ved UiS som disputerer innanfor dette programmet.

Prøveforelesing
Disputasen finn stad fredag 7. mai klokka 12.00 i Kjell Arholms hus, Auditorium A2.

Prøveforelesinga er klokka 10.00 og har tittelen ”Give an overview of alternative risk management approaches (theoretical and practical) beyond the predictive Bayesian approach. What are the advantages and disadvantages of the different approaches with regards to application in the healthcare setting?”

Bedømmelseskomiteen har bestått av professor Bo Bergman, Chalmers Tekniska Högskola, professor Torben Wisborg, Universitetet i Tromsø og professor Karina Aase, Universitetet i Stavanger (administrator).

Hovudrettleiar har vore professor Eldar Søreide, Stavanger Universitetssjukehus og medrettleiarar har vore professor Terje Aven, Universitetet i Stavanger og førsteamanuensis Hans Morten Lossius, Universitetet i Bergen. Leiar av disputasen er dekan Marit Boyesen, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Stavanger.

Les også Reddar liv med registrering
 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (29.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol