Disputerer om vedlikehald offshore


Ein doktorgradsavhandling av Jawad Raza lanserer nye måtar å styre kompliserte offshore-prosessar på. Raza (32) disputerer ved Universitetet i Stavanger den 30. april.

Jawad Raza har studert utviklinga av integrerte operasjonar på norsk sokkel og avanserte dataløysingar som kan effektivisere vedlikehald for den norske oljeindustrien.

Dette kan spare selskapa for unødig produksjonsstans ved å identifisere skjulte systemfeil. Effektiv bruk av data kan optimalisere vedlikehaldsstrategien. For store selskap kan det gi innsparingar på millionar av kroner.

Gode verktøy
Ved å utvikle nettbasert overvakingsteknologi i integrerte operasjonssenter på land vil meir og meir data bli tilgjengeleg. Effektiv bruk av slike data kan ha stor verdi, men det krev nye og avanserte løysingar.

Ved hjelp av avanserte verktøy, kan meir informasjon bli generert frå dei data som fins. Det kan gi eit godt underlag for avgjersleprosessen, for eksempel når ein skal planlegge og utføre vedlikehaldsaktivitetar.

Desse vil også sikre systemet mot uønska hendingar som kan skape stor fare for personell og miljø og gi alvorlege økonomisk konsekvensar.

Frå Pakistan
I doktorgradsavhandlinga si har Raza testa potensielle dataverktøy mot hendingar som kan føre til produksjonstap. Resultata blei teke vel i mot av selskapet han undersøkte. Razas avhandling kjem med konkrete forslag til industrien om kva slags program dei bør ta i bruk.

Jawad Raza er 32 år gammal og kjem frå Pakistan. Han har bachelorutdanning frå University of Engineering and Technology i Lahore, Pakistan, og masters frå Aalborg Universitetet Esbjerg, Danmark.

Han fekk beste doktorgradstudentspris frå Society of Petroleum Engineers (SPE), Stavanger Region, som påskjønning for det arbeidet han har gjort og forskingsresultata han oppnådd.

Til dagleg arbeider Raza som senior vedlikehaldsingeniør i selskapet Apply Sørco i Stavanger.

Disputasen
I sitt doktorgradsarbeid har Raza fått rettleiing av professor J. P. Liyanage ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi.

Avhandlinga hans har tittelen ”Technical Integrity and Operations & Maintenance Performance Optimization in Complex Assets. Optimization through Data and Organizational Intelligence in an Integrated Environment”.

Disputasen går føre seg fredag 30. april. Alle interesserte er velkomne til prøveforelesing klokka 10 og disputas klokka 12.15. Det skjer i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (20.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol