UiS Volley får ny trenar


Martin Frydnes er tilsett som ny trenar for UiS Volley. Han tek sikte på å vinna nye gullmedaljar saman med UiS-jentene.

Frydnes, som kjem frå Os i Hordaland, er berre 22 år gamal. Han kjem frå jobben som trenar for Toppvolley Norge. Frydnes har sjølv bakgrunn som aktiv volleyballspelar og har vore med på å vinne gull i eliteserien både i Noreg og Sverige.

– For oss har Martin vært på blokka frå første dag. Han er ein mann med god kompetanse, seier dagleg leiar i UiS Volley, Dag Myrestrand.

Ambisjonar
Det skorter heller ikkje på ambisjonane. I eit intervju med Studentmediene i Stavanger seier Frydnes at alt anna enn gull i neste sesong vil vere nederlag.

Martin Frydnes startar offisielt si trenargjerning i juli. Men allereie til helga er han med når UiS Volley prøver å ta eit nytt gull. Då skal U21-jentene spele NM-turnering i Ålesund.

Suksess
Det var stor jubel då UiS Volley vant seriegull i vinter. Einaste skår i gleda var at suksesstrenar Tore Aleksandersen slutta undervegs i sesongen.

Klubben er glad og letta over at ein ny trenar no er på plass.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (20.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol