Laga interaktiv vegg for Sandnes


Kem é Sandnes? var ein av attraksjonane under opninga av byens 150-årsjubileum i dag. Dronning Sonja fekk demonstrert innretninga, som er utvikla av NettOp ved UiS.

Sandnes er ein veksande by, som i stor grad er busett av innflyttarar frå andre delar av Noreg og verda elles. Byen reknast for å vere ein av dei mest multikulturelle i landet. Men kven er eigentleg Sandnes?

Historia
Dette er utgangspunktet for ein ny installasjon på Vitenfabrikken, der publikum sjølv skal bidra til å fortelje historia til Sandnes.

På ein svær skjerm finn du informasjon om innflytting, utflytting, gaukar og så vidare. I tillegg kan du ta del i ei undersøking der publikum skal svare på ein del påstandar om byen.

Open for alle
Det er Eining for nettbasert opplæring (NettOp) som har utvikla programvaren til installasjonen. Dette er eit eksternt finansiert samarbeidsprosjekt mellom Vitenfabrikken, Det norske Utvandrarsenteret og Universitetet i Stavanger.

Dronning Sonja fekk demonstrert lysveggen då ho vitja Vitenfabrikken og kasta glans over opninga av byjubileet i går. Stasjonen er open for alle som vitjar Vitenfabrikken frå og med 15. april.


 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (14.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol