Lansering av europeisk område for høgare utdanning


Ministrane for høgare utdanning frå medlemslanda i Bolognaprosessen har vedtatt Budapest-Wien deklarasjonen. Den stadfestar at det nå er eit felles europeisk område for høgare utdanning, EHEA (European Higher Education Area).

Under den fyrste ministerkonferansen i Bologna i 1999, slutta 29 europeiske land seg til visjonen om eit internasjonalt konkurransedyktig og attraktivt utdanningsområde i Europa.
Det felles europeiske området for høgare utdanning skal

  • leggja til rette for større mobilitet for studentar og tilsette i utdanningsinstitusjonane
  • førebu studentar for ein internasjonal arbeidsmarknad og til å verta aktive samfunnsdeltakarar
  • gi god tilgang til høgare utdanning av høg kvalitet

Samanliknbart system
Målet med Bolognaprosessen har vært å skape eit felles europeisk område for høgare utdanning. Prosessen inneheld mellom anna eit mål om innføring av eit samanliknbart system for gradar med to hovudnivå. Slik kan overgangar mellom utdanningar i ulike land lettast. Budapest-Wien deklarasjonen vart vedtatt 11. til 12. mars av ministrane frå dei nå 47 medlemslanda i Bologna-prosessen. Neste ministermøte vil verta i Bucuresti 26. til 27. april, 2012.

Her finner du Budapest-Wien deklarasjonen.

Les meir om Bolognaprosessen.
 


Sist oppdatert av (07.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol