Lydopptak av bokpresentasjon med Cecilie Omre og Liv Schjelderup


Cecilie Omre og Liv Schjelderup presenterte si bok "Barn og barnevernet" på tysdag. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av den, eller vil høyra den om att, er dette no mogleg.

Cecilie Omre og Liv Schjelderup gav ein engasjerandre presentasjon av boka si på tysdag. Temaet for studien som boka byggjer på er barn sin deltagelse i eigen barnevernssak. Blir barn tatt med i prosessen, og blir deira meiningar og oppfatningar tillagt vekt? Omre og Schjelderup fulgte ei gruppe barn som er i ein prosess med barnevernet gjennom eit år, og dei fant ut at dei ikkje alltid blir høyrde på som mykje som ønskjeleg av barnevernet. Dei kan oppleva både marginalisering og direkte manipulering gjennom den tida saken deira pågår, og den endelege løysinga på saken er ikkje alltid den barna og deira familie sjølv ser på som mest hensiktsmessig.

Omre og Schjelderup legg stor vekt på at barn har kompetanse og kunnskap om eigen situasjon. Dette må vektjeggjast sterkare enn i dag.

Forfattarane brukte Powerpoint under presentasjonen. Klikk her for å sjå lysarka frå presentasjonen.


Podcast
Du kan høyre presentasjonen ved å klikke på lenkja under og vidare på "Barnevernet.mp3". Presentasjonen varer i ca. 47 minuttar.

HØYR OMRE OG SCHJELDERUP SIN BOKPRESENTASJON HER

Dersom du ønskjer å laste ned presentasjonen, og til dømes laste den over på ein Mp3-spelar eller brenne den på ein CD, kan du høgreklikke på "Barnevernet.mp3" og velje "Lagre mål som". Då blir fila lagra på maskina di, og du kan høyre ho slik det passar deg. Fila er på ca. 45 MB.

På denne sida er det mogleg å abonnere på bokpresentasjonar som RSS. Klikk på "Abonner på denne feeden" øverst på sida dersom du ønskjer det.

iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å koma til UiS si side, og gå videre inn på Universitetsbiblioteket under UiS Research for å koma til bokpresentasjonane vi har lagt ut.
 


Sist oppdatert av John David Didriksen (22.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol