Ynskjer relevant praksis i fengsel


Arbeidspraksisen innsette får i fengsel skal bidra til at dei lettare kjem i jobb når dei er ferdige med soninga. Likevel er mange av praksisplassane ikkje relevante for arbeidsmarknaden.

 I ei tid der arbeidslivet har endra seg radikalt, er arbeidsplassane for dei innsette i norske fengsel stort sett dei same som etter reorganiseringa på 1960-talet. I Noregs største fengsel, Åna fengsel, er 40 prosent av arbeidsplassane innan jordbruk. Jordbruk gjev i dag arbeid til tre prosent av arbeidsstokken i Noreg.

– Det utgjer eit problem at delar av arbeidspraksisen dei innsette får i fengsla, ikkje er relevant for arbeidsmarknaden, seier Hildegunn Sagvaag, førsteamanuensis ved Institutt for helsefag ved Universitetet i Stavanger.
Ho har leia arbeidet med rapporten Rett kurs. Ut av fengselet. Han er ei evaluering av prøveprosjektet KompAS, som blei gjennomført ved Åna fengsel i perioden 2007–2009.

Får dokumentasjon
Målet med prosjektet er at alle innsette skal kunne få dokumentasjon på arbeidet dei gjer under soning, og at arbeidsdrifta skal styrkje stillinga som reintegrerande faktor.
– Vi rår Åna fengsel til å utvide arbeidsplassane til å omfatte meir relevante yrke, slik at dei innsette får praksis som gjer det lettare for dei å kome i jobb etter soning, seier Sagvaag.

I Noreg har alle innsette aktivitetsplikt. Sjølv om mange av arbeidsplassane ikkje reflekterer arbeidsmarknaden, er det bra at aktivitetsplikta blir nytta til noko meiningsfullt, meiner Sagvaag.

– Dei innsette får papir på jobben dei gjer. Desse papira kan dei nytte i oppbygging av fagbrev. Slik sett er prosjektet KompAS unikt og verdifullt.

Rapporten understrekar at ein av dei viktigaste føresetnadene for å betre arbeidsdrifta i fengsel er at ein styrkjer samarbeidet mellom dei involverte instansane.
– Ei viktig side ved KompAs er at fengselet vidareutviklar samarbeidet med aktørar som Time vidaregåande skule, Nav (Arbeids- og velferdsforvaltinga) og lokalt næringsliv, seier Sagvaag.

Vil du vite meir?
Hildegunn Sagvaag, Institutt for helsefag, UiS
Tlf: 51834236

Tekst: Ida Gudjonsson
Foto: INGRAM


Sist oppdatert av (12.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Illustrasjonsfoto: Mann på fabrikk
Eit av måla med prosjektet KompAS er at arbeidsdrifta skal styrke si stilling som reintegrerande faktor.
Hildegunn Sagvaag
Gjennom prosjektet KompAS får innsette papir på arbeidspraksisen dei får i fengselet. Det gjer prosjektet verdifullt, meiner Hildegunn Sagvaag.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER