Serviceforum 20 år


Torsdag 18. mars arrangerer studentar ved Norsk Hotellhøgskole fagkonferansen Serviceforum for 20. gong. Om lag 150 personar frå hotell-, restaurant- og reiselivsnæringa er venta til arrangementet i jubileumsåret.

Veka etter at Serviceforum 2009 var ferdig, søkte Sindre Saue Årdal om få bli den neste leiaren for den årlege fagkonferansen for folk frå hotell-, restaurant- og reiselivsnæringa. Han hadde klare mål for kva han ønskte å gjere , og etter månader med arbeid er no dagen rett rundt hjørnet.

–Dette er meir matnyttig enn fag. Her får du ansvar, og alt står og fell på deg sjølv for om det skal lukkast. Du får ein god moglegheit til å ta på deg eit verv og bli kjend med bransjen, seier Årdal.

Store namn
Gjennom 20 år har om lag 200 studentar jobba for å halde tradisjonen med Serviceforum ved like. Store namn frå både inn- og utland har stått på foredragslista, som til dømes Petter Stordalen, Disney Florida, Bjørn Kjos og Arthur Buchardt.

Balansert leiing
Tema i år er ”Balansert ledelse - Money talks”, og tek for seg corporate social responsibility og revenue management. Dette handlar om kva samfunnsansvar store bedrifter har, og kva for strategiar store kjeder har når dei set prisar. Lønnsemd blir ein raud tråd gjennom heile programmet, som har stor fagleg tyngde.

Sjå programmet og påmeldingsinformasjon her.

Til å halde foredrag har dei fått med seg Sten E. Magnus, konsernsjef i Umoe Catering, Erik Loe i reklamebyrået Dinamo, Daniel Skjeldam i Norwegian, Glen Peter Hartridge i Hurtigruten og Liv Kindem i Choice Hotels Scandinavia.

Studentar i alle ledd
Shirin Ræder er marknadssjef for årets Serviceforum, og har med dette stige godt i gradene sidan ho var assistent i fjor.

– Eg blei ikkje avskremd. Tvert om fekk eg lyst til å vere med meir, seier Ræder.

Både Sindre Saue Årdal og Shirin Ræder veit dei jobbar i ein bransje som krev mykje hardt arbeid. Og dei er stolte av arrangementet.

– Dette er den einaste fagkonferansen i vår bransje som er driven av studentar. Me gjer mykje ut av det, og studentar frå Hotellhøgskolen er med både som kokkar, servitørar og sjåførar. Om dagen blir det nydeleg tapas-bord til lunsj, og på banketten om kvelden er det fire retters middag, seier Ræder.

Salsrekord
Dei er veldig nøgde med alt så langt. Inntekter frå sponsorar og billettar har i år ført til salsrekord, og sidan konferansen er non-profit betyr dette enten ekstra pengar til neste år eller ei gåve til eit velgjerande føremål.

Møteplass
Målgruppa for konferansen er dei som jobbar i bransjen. For studentane er det ein ypparleg sjanse til å bli kjende med potensielle arbeidsgjevarar. 150 personar er påmelde, dei fleste er på leiarnivå innan hotell, restaurant og reiseliv.

I år blir det òg delt ut to prisar. Den eine er Hotellhøgskolens heiderspris, og for første gong skal prisen ”Årets Hotelier” delast ut. Dette er ei utmerking som skal gå til ein person innan hotellbransjen som har jobba fram framragande resultat over fleire år. Overrekkinga skjer på bankettmiddagen om kvelden.

 

Serviceforum 2011
 


Sist oppdatert av (17.02.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Logoen for Serviceforum og styret. Foto: Christian Sletten Eide
Tema i år er "Balansert ledelse - money talks". Foto: Christian Sletten Eide
Her er eit bilete av styret for Serviceforum 2010. Foto: Christian Sletten Eide.
Styret er svært nøgde med programmet for den 20. fagkonferansen Serviceforum. Leiar Sindre Saue Årdal sit som nummer to frå venstre på første rad. Foto: Christian Sletten Eide.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER