Inviterer til Open dag


Open dag utgjer ein unik moglegheit til å bli kjent med UiS. Då kan skuleelevar og andre interesserte få omvisning, gå på føredrag og få ein smak av korleis det er å vere student. Mellom 2300 og 2500 elever, lærarar og rådgjevarar er venta.

Tysdag 16. mars arrangerer UiS Open dag for tredje år på rad. Blant dei mange aktivitetane du kan delta på er laboratorieforsøk og laboratorievandringar. På SiS sportssenter kan du klatre i klatreveggen, og i produksjonslokala til medieutdanninga kan du prøve deg framfor og bak kamera. På stands vil det stå vitskapeleg tilsette og studentar frå ulike studiar.
– Her kan ein få svar på alt ein lurer på. Om elevane har faglege spørsmål, kan dei gå til dei vitskapeleg tilsette. Studentane er dei som best kan svare på spørsmål om korleis studentmiljøet er og korleis kvardagen som student er, seier André Sæbø, koordinator for Open dag.

Populærvitskapelege føredrag
Under Open dag vil det haldast heile 39 populærvitskaplege føredrag. Det er meir enn nokon gong før. Døme på føredrag er ”Titan. Den mest spennande månen i solsystemet”, ”Bykultur og det globale” og ”Mobile nyheiter”. UiS har laga eit eige program for rådgjevarar, NAV-tilsette og andre interesserte. Her vil det bli informasjon om dei nye studietilboda, det vil si ny bachelor i sosiologi og dei nye grunnskulelærarutdanningane. Det vil også bli informasjon om opptaksreglar.

Stor oppslutning
Open dag er det største arrangementet UiS har for å rekruttere studentar, både med tanke på talet på involverte og vitjarar. I fjor hadde arrangementet 2300 gjester.
– Med utgangspunkt i tala for i fjor og skulene som har sagt at dei kjem i år, håper vi på 2500 gjester i år, seier Sæbø.
Stordelen av elevane kjem frå Rogaland, men elevar frå andre fylker er også venta.
– Tidlegare har det kome interesserte frå mellom anna Oslo og Kristiansand, og det håper vi at det gjer i år også. Målet med Open dag er å vise fram kva vi har å tilby av studietilbod til flest mogleg, seier Sæbø.

Her kan du lese meir om Open dag 2010.
 


Sist oppdatert av (16.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol