Dobling av konsertar på Ugå


I år blir det dobbelt så mange konsertar under festivalen Ugå som i fjor. I tillegg til konsertar og moro, vert det for fyrste gong karriere- og temadagar under studentfestivalen.

Onsdag, 10. mars, startar studentfestivalen Ugå 2010. På opningsdagen vert det føredrag med representantar frå både næringsliv og offentleg sektor. Tidlegare år har Ugå nesten vore synonymt med konsertar og fest. I år skal festivalen i tillegg leggje vekt på temadagar og arbeidsliv.

Meir faglege arrangement
 – Opningsdagen er eit spesielt eksempel på at vi i år vektlegg det faglege. Tidlegare år har det vore mest konsertar, og litt andre arrangement, som moteshow og pubquiz. Opningsdagen blir ein pangstart på Ugå. Det er store namn vi har henta inn, seier Kim Erlend Kvalsund, leiar for Ugå 2010.

Kåre Valebrokk skal halde foredrag om marknadsøkonomi på opningsdagen. Han er tidlegare redaktør og administrerande direktør i Dagens Næringsliv og TV2. Det blir også føredrag med Toril Nag, partner og leiar i KPMG, eit kompetansehus som tilbyr tenester innan revisjon, skatt, avgift og rådgiving.

– Under Ugå ynskjer vi å skape eit bindeledd mellom studentar og næringsliv, seier Anders Blomhoff Pedersen, nestleiar for Ugå 2010.

Karrieredag
Bland høgdepunkta på festivalen er Karrieredagen.
 – Det blir spennande. Føredragshaldarane skal ikkje berre snakke om tilsetting og jobbintervju, men også om korleis du vert ein god lagspelar eller ein flink leiar, om korleis du kjem inn bedrifta og om sjølvrealisering, seier Pedersen.
På temadagen Sosiale media vert det foredrag med bloggar Trine Grung og Even Sandvold Roland, kommunikasjonsrådgivar hos Geelmuyden.

– Han er berre 19 år men har fått ein drømmejobb fordi han var flink på nettkommunikasjon, seier Pedersen.
Roland vil fortelje om sin bruk av twitter og blogging. Han vil også gje tips om korleis du kan fremje deg som bloggar i ein kommersiell eller privat setting.
 På programmet til Ugå skal det være noko for ein kvar.

– Ugå skal gi studentane noko spesielt, noko dei ikkje får kvar dag, seier Pedersen.

Frå A1 til Purified in Blood
På programmet til Ugå står konsertar med både lokale og internasjonale artistar.
 – I fjor var det 9 konsertar under Ugå, mens me i år har heile 21 konsertar, seier Pedersen.

Konsertane dekker eit bredt spekter av sjangrar.

– Konsertane spenner frå A1 til Purified in Blood, frå Veronica Maggio til Fat Joe, seier Kvalsund.

Han og Pedersen ser særskilt fram til konserten med Fat Joe.

– Fat Joe er ein hip hop-legende. Dei fleste har høyrd noko av han, sjølv om dei ikkje nødvendigvis kjenner namnet. Normalt spelar han for 10 000 folk. No blir vi 700, noko som gjer konserten heilt unik. Det vert magisk stemning, eg kan ikkje tru noko anna, seier Pedersen.

Det er framleis billettar igjen til alle konsertane under Ugå.

Større budsjett
Årets Ugå-budsjett er meir enn dobbelt så stor som i fjor. UiS har auka sitt bidrag med 50 prosent. Stavanger kommune gjer 83 prosent meir til festivalen i år enn i fjor. I år bidreg også BI, LO og NKF med middel.
 – At støttespelarane har hatt trua på oss, har gjort at vi også har fått det. Vi har satsa stor i år, og håper at så mange som mogleg av studentane får augo opp for festivalen, seier Pedersen.
 


Sist oppdatert av (16.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Anders Blomhoff Pedersen og Kim Erlend Kvalsund
– Under Ugå ynskjer vi å skape eit bindeledd mellom studentar og næringsliv, seier Anders Blomhoff Pedersen (t.v.). Her saman med Kim Erlend Kvalsund.
Program

Her finn du programmet til studentfestivalen Ugå 2010.