Promoterer tru på ånder og magi


Systerkanalane TVNorge og Kanal Fem fremjar alternativ spiritualitet. Den einsidige framstillinga har blitt fortagd i offentlegheita, meiner religionsvitar Anne Kalvig.

«Forbered deg til helgas fullmåne med en ekspert på fullmåneseremonier, i kveld på Den andre siden,» står det på nettsidene til Kanal Fem.

Det eigenproduserte, åndelege prateprogrammet blir vist kvar torsdag. Fire kvinner frå Studio Fem-staben diskuterer alternative tema seg imellom og med aktuelle gjester. Programmet er berre eitt i ei lang rekkje av spirituelle tv-program som TVNorge og systerkanalen Kanal Fem tilbyr.

Nytt i år er Gro-Helen Tørum sitt nye program Fra sjel til sjel. Her treffer ho menneske som ønskjer å kome i kontakt med ein ven eller slektning som har gått bort. Tørum skal fungere som eit bindeledd mellom vår og dei avdøde si verd. Andre døme på spirituelle program er Ghost whisperer og Charmed på Kanal Fem og Åndenes makt på TVNorge.

– Kanal Fem har som uttalt mål å bidra til å opne sinn og utvikle medvitet til folk. Dei fremjer det spirituelle. Kanalen har reindyrka det sprirituelle konseptet, seier Anne Kalvig, universitetslektor ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Ho har publisert artikkelen «TVNorge og Kanal Fem: Den nye tids bodbringarar» i religions- og kulturtidsskriftet Dïn. Her diskuterer ho Kanal Fem sitt paranormale programtilbod.

Underkjend spiritualitet
Vedrørande lanseringa av Studio 5 – Fra den andre siden, forløparen til Den andre siden, fortalde programleiar Gro Helen Tørum at ho ville «søke å belyse det perspektivet som åpenbarer seg når døren åpnes inn i en virkelighet vi ikke kan ta og føle på,» og at ho hadde håp om «å bevege seerne ved å bringe inn et annet perspektiv, andre tanker
og kanskje en ny bevissthet.»

Kanal Fem og TVNorge si misjonering og fremjing av spiritualitet har gått nokså upåakta føre seg.
– Det er oppsiktsvekkjande at denne satsinga blir underkjend og usynleggjort. Det er snakk om ei ikkje ubetydeleg mengd sjåarar. Interessa for det spirituelle er kanskje noko vi ikkje vil vite om, seier Kalvig.

Skilnader mellom kanalane
Kalvig har undersøkt korleis TVNorge og Kanal Fem sitt programtilbod skil seg frå dei to andre store norske kanalane når det gjeld religions- og livssynsrelaterte program. Skilnadene er store.

Medan TVNorge og Kanal Fem har mange program som fremjar sprirituelle og alternative livssyn, har NRK eit religionspluralistisk tilbod.

I fjor blei for første gong Eid-feiringa send på NRK. Likevel står kristendommen i ei særstilling hos NRK.

TV2 har ein svak religionsprofil med få program om religion og livssyn.


– I ei medierøynd der det òg er andre program med ein spesifikk religiøs dagsorden, synest eg det er bra at det finst program for den store delen av den norske befolkninga som identifiserer seg med alternativ spiritualitet. Det er heilt på sin plass, seier Kalvig.

– Det eg synest er problematisk, er at det ikkje er noka mediemerksemd om at TVNorge og Kanal Fem, med stor suksess og god respons frå det norske folket, har valt «den andre sida», ikkje ein kristen eller livssynspluralistisk profil. Å aktivt oversjå dette er i grunn å fortsetje usynleggjeringa av noko som har stor verdi for mange folk og fremjinga av ei einsidig forståing av kva som er ekte religiøsitet, fortset ho.

Frittflytande religiøsitet
Kalvig omtaler alternativ spiritualitet som ein frittflytande religiøsitet.

– Han er utbreidd, men ikkje institusjonalisert. Han har inga kyrkje, ingen leiarskap og ikkje noko presteskap. Vanlegvis dreier det seg ikkje om innmelding i ei gruppering eller ein institusjon, seier ho.

Det er ueinigheit om korleis ein skal forstå New age og alternativ spiritualitet. 

– Religionsforskarar er ueinige om det er «ordentleg» religion. Nokon meiner at nyreligiøsitet berre er eit uttrykk for sekularisering, og at denne spiritualiteten ikkje representerer ekte religion. Eg meiner at ein då går glipp av det religiøse mangfaldet som finst. For ein religionsforkar er det viktig å sjå kva som rører seg, og kva folk flest er opptekne av, seier ho.

Auka interesse
Alternativmessa i Lillestrøm dreg til seg ein trufast skare av tilhengjarar kvart år og er blant dei største i Nord-Europa. Fleire vekeblad har faste spalter om historier frå «den andre sida». I august 2007 opna prinsesse Märtha Louise kurstilbodet og -senteret Astarte Education, som tilbyr opplæring i mellom anna healing. I nettpresentasjonen av senteret skriv ho at ho kan sjå englar.

– Prinsesse Märtha Louise speglar den auka aksepten alternativ spiritualitet har fått dei siste åra. I tillegg forsterkar ho han. Ho kunne ikkje ha stått fram med engleskulen for femten år sidan, seier Kalvig.

– Då blei det spirituelle i større grad framstilt som eit marginalt, suspekt fenomen. Folk assosierte alternativrørsla med kvakksalveri, sjarlatanar og middelaldrande, nyskilde kvinner i flagrande klede som skulle kjenne på si eiga gudinnekraft.
Alternativ spiritualitet blir gjerne assosiert med det kvinnelege og ikkje-skulerte.

– Kvinner utgjer størstedelen av den religiøse massen, men òg av ekspertane. Når det er kvinner som er religiøse ekspertar, har ein gjerne hatt problem med å ta det alvorleg. Tradisjonelle religionar har hatt ein tendens til å definere kvinner som annanrangs, seier Kalvig.

Kampen om sjåarane
Kanal Fem definerer sjølv satsinga på det åndelege som sine musklar i kampen om sjåarane.
I likskap med spirituelle program når spirituelle bøker sjeldan spaltene i avisene. Eit unnatak er Märtha Louise og Elisabeth Samnøy si bok Møt din skytsengel, som vart meld i Dagbladet av Trond Berg Eriksen, professor i idéhistorie.

– Eriksen er nedlatande i kritikken sin av boka. Han bruker ord som «småpikene» om forfattarane. Trua på det åndelege blir ikkje møtt med respekt. Kven tener dette? Opplyser det lesarane, eller er det slik at det er den norske, sekulariserte intelligentsiaen som har behov for å markere revir? spør Kalvig.

– Det ser ut som det er eit behov hos folk for å søkje det mystiske, fortryllande og det som går utover vanleg sansing. Den alternative spiritualiteten passar godt i ei tid og ein kultur som er individualistisk og skeptisk til autoritetar. Han passer òg godt i ein kultur der ein er aktør på ein marknad og orienterer seg blant ulike produkt.

 

– Speglar det samfunnet er interessert i

TVNorge sin historikk viser at ei overvekt av sjåarane til program som Åndenes makt og Fornemmelse for mord er kvinner. Difor bestemte kvinnekanalen Kanal Fem seg for å setje av ein kveld i veka til paranormale tema.

– Eg trur vi er inne i ei ny tid. Folk er opptekne av andre ting enn det materielle. Vi ser at det er særleg godt vaksne som er interesserte i programma med åndelege tema, sjølv om det i det siste har blitt fleire unge som ser på dei. Vi kjem til eit punkt i livet der vi blir opptekne av spørsmål som «Kven er vi?» og «Kva gjer vi her?» seier Nina Lorgen Flemmen, programsjef i Kanal Fem.

Ho trur kanalen bidreg til å gjere interessa for paranormale tema større.

– Samstundes som vi speglar det samfunnet er interessert i, har nok programma òg vore med på å auke interessa for desse tema, seier ho.

Vil velje balanserte program
Kanal Fem vel program som er balanserte, hevder Flemmen.

– Vi er opptekne av at sjåarane sjølv skal velje om dei vil tru. Når det gjeld Gro-Helen Tørum i Den andre siden, seier ho: ’Dette er mine evner. Det er opp til deg om du vil tru på det’. I Den andre siden har vi også med ein journalist, som set spørsmålsteikn med det deltakarane meiner og trur. Når vi kjøper inn paranormale seriar frå andre land, er vi også opptekne av at dei skal vere balanserte, seier Flemmen.
Ho understrekar at hovudvekta av Kanal Fem sitt programtilbod ikkje er paranormale program, men realityprogram, filmar og livsstilsprogram. Medan spiritualitet blir drøfta kvar torsdag, blir andre livssyn eller religionar sjeldan tekne opp.

– Trusretningar har vore diskuterte i Den andre siden. Medan for eksempel NRK si oppgåve er å informere om ulike religionar, lagar vi stort sett underhaldningsprogram. Når vi skal lage program, ser vi kva som er i tida, og kva som er interessant, seier Flemming.

TEKST: IDA GUDJONSSON


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (22.12.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Mediumet Barbara With (i midten) på besøk i programmet Den andre siden. Fra venstre: Mira Craig, Barbara With og Birgitte Lund Nakken. Foto: Roy Darvik
Mediumet Barbara With (i midten) på besøk i programmet Den andre siden. Fra venstre: Mira Craig, Barbara With og Birgitte Lund Nakken. Foto: Roy Darvik
Anne Kalvig
Anne Kalvig omtaler alternativ spiritualitet som frittflytande religiøsitet. – Han er utbredt, men ikkje institusjonalisert. Det finst ingen leiarskap eller gudshus, seier ho. Foto: Elisabeth Tønnesen
Nina Lorgen Flemmen
Samstundes som Kanal Fem speglar kva samfunnet er interessert i, har dei spirituelle programma vore med på å auke interessen for desse tema, meiner Nina Lorgen Flemmen. Foto: Kanal Fem

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER