Gode resultat og verdiskaping i Forum for samfunnskontakt


Rektor Aslaug Mikkelsen hadde gode nyheiter om UiS då ho opna møtet i Forum for samfunnskontakt denne veka. UiS-professor Bernt Arne Ødegaard snakka om eigarskap og verdiskaping.

Forum for samfunnskontakt ved Universitetet i Stavanger (UiS) har som mål å vidareutvikle samarbeidet mellom UiS og samfunnet på ein måte som gagnar begge partar. Denne veka var deltakarar frå ulike verksemder samla til frukostmøte på Arkeologisk museum.

UiS aukar mest
Ein stolt rektor kunne fortelje dei frammøtte om eit universitet med stor aktivitet, trass i tronge økonomiske tider og omstillingsprosjektet balansert omstilling for utvikling (Bofu). Aslaug Mikkelsen la fram gledelege tal som viser at UiS har gått kraftig opp i publiseringspoeng. Med ein auke på 35,1 prosent er UiS det universitetet i landet med størst prosentvis auke i 2009.

Publisert i verdsleiande tidsskrift
Tema for dagen var eigarskap og verdiskaping, og foredraget sto økonomiprofessor Bernt Arne Ødegaard for. Ødegaard har ei deltidsstilling i forskingsavdelinga i Noregs Bank, og forskar mellom anna på eigarstyring og selskapsleiing (corporate governance) og likviditet i aksjemarknaden. Professoren har òg nyleg fått godkjend ein artikkel for publisering i det amerikanske tidsskriftet Journal of Finance. Dette tidsskriftet, som blir publisert av The American Finance Association, er verdas leiande akademiske tidsskrift innan finans.

Statleg eigarskap og lønnsemd
Ødegaard fortalte i sitt framlegg om si forsking på kva betyding statleg eigarskap har for børsnoterte selskap. Økonomiprofessoren analyserte data frå 1989 til 2007 og såg då etter samanhengar mellom lønnsemd og direkte statleg eigardel. I første del av perioden, 1989-1997, kunne det sjå ut som om lønnsemda til statsselskapa var mindre enn ho burde vere. Men etter 1997 er det ingen ting som tyder på at dei ville ha tent betre med berre private eigarar.
 


Sist oppdatert av (04.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol