Hopp for dans


105 søkarar hadde søkt om ein av dei 20 studieplassane ved bachelorstudiet i dans ved Universitetet i Stavanger då fristen gjekk ut i februar. Det er 30 fleire enn året før.

Institutt for musikk og dans opplevde også stor interesse for musikkstudia, som hadde søknadsfrist i desember fjor. Her var søkartala meir enn dobla samanlikna med 2008. Instituttleiar Jens T. Larsen trur oppgangen skyldast at dansestudia ved UiS stadig vert meir kjende rundt i landet.

Stadig meir interesse
- Me er nøgde med at det er auka interesse for dansestudiet. Ryktebørsen gjer nok sitt for at me blir meir kjende for kvart år. At det også er fem svenske dansarar blant søkarane, er artig, synast Larsen.

Vellukka elektronisk søking
Det vert jobba aktivt gjennom heile året for å gjere studietilboda kjende. Dei potensielle dansestudentane har i år søkt elektronisk over SøknadsWeb. Larsen fortel at erfaringane frå søkinga til musikk i haust var gode og at dette også ser ut til å gjelde dans.

Med den fireårige profesjonsutdanninga med integrert praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan studentane undervise i skulen eller studere vidare på masternivå og etablere seg som utøvande dansekunstnar.


 


Sist oppdatert av (02.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol