Vil ha fleire studentdebattar på Folken


Tone Christoffersen ynskjer fleire studentdebattar på Folken velkomen. Dette er ein arena kor ein kan ta opp studentpolitiske saker, meiner ho. I dag byrjar den tidlegare UiS-studenten som dagleg leiar på studenthuset.

– Det er absolutt moglegheit for å arrangere debattar. Om det kjem gode forslag frå studentar om arrangement, er vi med på det. Det må være interesse for tilstellingane blant studentane. Dei må skjøne at huset står der og er der for dei. Vi i administrasjonen skal vere til hjelp når det kjem til booking, økonomi og gjennomføring av arrangement, seier Tone Christoffersen, dagleg leiar for Folken - Studentersamfunnet i Stavanger til UiS.no.
I haust arrangerte Folken debattar i samanheng med valkampen. Leidulf Øvrebø, styreleiar ved Folken, er einig i at fleire debattar på Folken ville ha vore positivt.
– Det er absolutt interessant. Debattar er vel noko av det vi klarast ser at vi manglar. Viss ein greier å arrangere debattar om dei rette emna, skapar det engasjement, seier han.

Bør utviklast av studentar
Christoffersen er oppteken av at Folken sitt konsept skal utviklast av studentar, og ikkje av administrasjonen sjølv.
– Eg håper studentar kan ta kontakt og seie kva dei ynskjer seg. Vi har til dømes bomberommet Grottene og studentgalleriet. Dei kan fyllast med kva som helst. Tidlegare har studentar kome opp med mange gode idear. Eg høyrde at Oktoberfest i fjor var ein kjempesuksess. Då var det nokre studentar som hadde foreslått at vi skulle arrangere det, seier ho.
Folken er tilgjengeleg for studentorganisasjonar som treng lokalar til festar eller møte.
– Vi har et hus som har det meste av lyd- og lysutstyr ein treng for å lage ulike tilstellingar. Det er bra om endå fleire organisasjonar vil bruke huset, seier Christoffersen.

Nyttar utdanninga
Christoffersen kjem frå ei stilling som produsent i Stavanger jazzforum og Maijazz. Tidlegare har ho studert kunst- og kulturforvaltning ved Høgskolen i Stavanger, no Universitetet i Stavanger. Året 2004-2005 tok ho eit påbyggingsstudium i kulturarbeid ved Høgskolen i Telemark, avdeling Bø.
– Alt eg har studert har vore med på å utvikle meg, sjølv om eg ikkje nyttar alt på jobb kvar dag, seier ho.
Christoffersen var mykje på Folken då ho sjølv var student. Kvar torsdag gjekk ho på studentkro der saman med dei andre i kollektivet. Ho deltok også som frivillig og jobba med marknadsføring under studentrevyen på Folken.
– Eg likte huset og energien veldig godt. Det tenkte eg på då eg såg at stillingen som leiar var ledig, seier ho.

Viktig kulturaktør
Både Stavanger kommune og UiS har komme med innspel til Christoffersen om kva studenthuset bør innehalde.
– Folken er ein viktig kulturaktør i byen. Det er mange som har meiningar dei vil dele med meg, som er ny. Eg har aldri hatt så mange kaffiavtalar som eg har no, seier ho og ler.
I tillegg til å vere tilhaldsstad for nye studentaktivitetar understrekar den nye leiaren at Folken skal halde fram med å tilby gode konsertopplevingar.
– Vi skal vere blant dei beste på å vise fram det som er supert av norske og internasjonale band, seier ho.
 


Sist oppdatert av (01.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol