Foredrag om “smart vatn”


Tor Austad held foredrag om auka oljeutvinning med å injisere såkalla ”smart vatn” i oljereservoarene torsdag 25. februar.

Professor Tor Austad har 30 års erfaring i petroleumsforsking. Han har vore ein pioner i arbeidet med å finne optimale løysingar for innsprøyting av vatn i kalk- og sandsteins-reservoar. Riktig saltinnhald i vatnet er eit viktig element i så måte.

Auka utvinning av olje har vore eit viktig tema for oljenæringa. Reservoara er så store at sjølv små endringar i graden av utvinning får store økonomiske konsekvensar.

Dette foredraget er eit tilbod i serien Torsdagsseminar i naturvitskap. Arrangementet skjer på rom A-204 i Kjølv Egelands hus og startar klokka 14.15.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (23.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol