UiS tilbyr ny bachelor i sosiologi


Hausten 2010 startar UiS opp bachelor i sosiologi. Studentane kan velje fordjuping i sosiologi eller spesialisere seg i personalleiing.

- Dette er noko me har ønskt i mange år, så me er veldig nøgde med å ha fått til det nye bachelorprogrammet, seier Carl Cato Wadel, førsteamanuensis ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag ved UiS.

Fram til no har Universitetet i Stavanger hatt tilbod om bachelor i samfunnsfag med personalleiing og årseining i sosiologi. Personalleiing er eit godt søkt og populært studietilbod, og det er få andre stader i landet som har liknande program. Men studentar på årseining i sosiologi måtte vekk frå Stavanger om dei skulle studere vidare.

To fordjupingar
- No får me behalde det meste frå personalleiing, samtidig som me sikrar ei fordjuping i sosiologi. Studentane har vist stort engasjement i korleis programmet skulle vere, og me tykkjer no me har fått til eit svært godt tilbod, seier kontorsjef på Samfunnsvitskapleg fakultet, Anne Helliesen.

Bachelorprogrammet i sosiologi går over tre år og gir totalt 180 studiepoeng. Alle som startar opp hausten 2010 byrjar på dei same emna. I andre semester må dei bestemme seg for om dei vil gå eit reint sosiologiløp, eller om dei vil spesialisere seg på personalleiing. Dei som tar personalleiing må ha 40 studiepoeng med fastsette emne medan sosiologistudentane får 40 studiepoeng med valfag. Dei som tek personalleiing må òg skrive bacheloroppgåva om personalleiing.

Statsvitskap neste?
- Frå hausten 2011 vil studentane truleg kunne søkje seg direkte anten til fordjuping i sosiologi eller fordjuping i personalleiing. Neste år håpar me òg å kunne tilby bachelor i statsvitskap, seier Helliesen.

Carl Cato Wadel meiner det er viktig for eit universitet med eit samfunnsvitskapleg fakultet å kunne ha nokre ordinære disiplinløp. Sosiologi og statsvitskap er eit godt steg i rett retning. Studentane kan då gå vidare på masterstudium andre stader, eller ta master i samfunnstryggleik eller endringsleiing her ved UiS. Samstundes meiner han det er viktig å behalde tilbodet om ein meir yrkesretta spesialisering for dei som ønskjer det.
 


Sist oppdatert av (02.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Her er eit illustrasjonsbilete. Foto: Elisabeth Tønnesen
Kva er sosiologi?

Sosiologi er vitskapen om krefter og prosessar i samfunnet som held menneske saman i sosiale system. Sosiologar analyserer korleis menneske blir forma av samfunnsforhold og korleis dei utvikler og endrar desse forholda.