Ope foredrag om romfart og tryggleik


Den amerikanske sosiologen og romfartseksperten Ron Westrum held eit ope foredrag ved Universitetet i Stavanger torsdag 4. mars.

Ron Westrum er professor ved Eastern Michigan University og professor II ved Universitetet i Stavanger. Han er en internasjonalt kjent ekspert på tryggleik i blant anna luft- og romfart. Sosiologen er blitt brukt som rådgjevar for mellom anna Nato Advanced Research Institutes og det amerikanske luftfartsverket.

Westrum si førelesing tek utgangspunkt i erfaringar han har frå Apollo-programmet. Overskrifta "Two kinds of resilience: Requisite Imagination and the Human Envelope."

Det er Senter for risikostyring og samfunnstryggleik (SEROS) som arrangerer førelesinga. Arrangementet er del av senteret si "Open lecture series", som er opne for alle interesserte.

Tid og sted: Klokken 10.15-11.10 på Kjølv Egelands hus A-101.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (18.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol