Ny master i samfunnssikkerheit i nordområda


No kan du lære deg å handtere kriser og katastrofar i nordområda. Hausten 2010 startar ein ny toårig master i samfunnssikkerheit med fordjuping i maritimt miljø og sårbarheit i Arktis. Universitetet i Stavanger (UiS) er fagleg ansvarleg, og studiestad blir Tromsø.

Masterstudiet i samfunnssikkerheit ved Universitetet i Stavanger er svært populært. I fjor kjempa 411 søkjarar om 35 studieplassar. I samarbeid med Universitetet i Tromsø (UiT) har UiS no etablert ei ny fordjuping i Tromsø med fokus på miljø og sikkerheit knytt til operasjonar i nordområda.

Ny problematikk i nord
– Oljeverksemd og auka skipstrafikk kan få store konsekvensar for kystområda i nord. Statistisk er ulykkesrisikoen større i Arktis fordi det er mykje kaldare og naturen er då meir sårbar, seier Preben H. Lindøe, professor i samfunnssikkerheit ved UiS.

Gjennom det toårige masterprogrammet skal studentane bli i stand til mellom anna å vurdere truslar mot sikkerheit og risikoar i samband med ulike aktivitetar. Dei skal òg kunne førebyggje skader og ulykker og forstå kva som føregår i kriser og katastrofar. Alt blir spissa mot problematikk i nordområda.

Samarbeid med UiT
UiS har sidan 2002 hatt eit tett samarbeid med UiT om forsking og utdanning, og har dei siste fire åra mellom anna bidrege til ein bachelor i samfunnssikkerheit ved UiT. Begge universiteta har hatt eit sterkt ønske om å vere saman om utvikling og etablering av den nye masteren. UiS er fagleg ansvarleg, og UiS og UiT står for undervisinga i 60 studiepoeng kvar.

Krev treårig utdanning

Masterstudiet eignar seg godt som ei vidareføring av bachelorgraden i samfunnsfag med personalleiing ved UiS, eller andre treårige utdanningar innan samfunnsvitskaplege emne som til dømes sjukepleie.

– Utdanninga kan gi moglegheit for jobb i oljenæringa både på land og offshore, og gir kompetanse til å arbeide i kommunar og fylkeskommunar. I det heile tatt kan ein jobbe på stader som er opptekne av beredskap, seier Kjell Harald Olsen, professor i samfunnssikkerheit ved UiS.
 


Sist oppdatert av (16.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol