50 nye studentbustadar


Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) fekk i årets løyving midlar til bygging av 50 hybeleiningar (HE) då Kunnskapsdepartementet i går fordelte 983 einingar til studentsamskipnadene i Noreg.

Dei 50 einingane går som stønad til eit studentbustadprosjekt ved Hulda Garborgs hus på Ullandhaug. Hausten 2009 fekk SIS 50 HE til dette prosjektet.

SiS er glad for tilskotet, men må no vurdere om prosjektet må delast opp i fleire byggjetrinn eller om byggjestart må utsetjast til prosjektet er fullfinansiert.

- Berre halvveges
- Vi er glade for å få midlar til prosjektet vårt på austsida av campus, men vi er likevel berre halvveges. Prosjektet omfattar nemleg ca. 200 hybeleiningar. Det blir eit ekstraordinært styremøte i morgon for å sjå korleis vi skal løyse situasjonen. Det er svært viktig at arbeidet ikkje stoppar opp, seier administrerande direktør Ellinor Svela i SIS

Ho ser for seg tre moglegheiter: Anten må prosjektet utsetjast til det er fullfinansiert, eller så må ein starte bygging som planlagd i haust og håpe at det kjem meir pengar seinare, eller så må prosjektet delast i to.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (09.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Ellinor Svela
Administrerande direktør Ellinor Svela er glad for midlar til 50 nye hybeleiningar, men dei treng 100 einingar til for å realisere bustadprosjekt ved Hulda Garborgs hus.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER