Rekordmange med på festivalleiarkonferanse


Med 102 deltakarar sette Festivalleiarkonferansen 2010 ny rekord. Initiativtakar Reidar J. Mykletun er godt nøgd både med gode diskusjonar og at alle fekk oppleve ei urframføring med songar Britt-Synnøve Johansen.

Nye kontaktar har blitt knytt og andre er friska opp etter den fjerde festivalleiarkonferansen på Universitetet i Stavanger. At deltakartalet i år runda hundre viser at interessa framleis veks, men Reidar J. Mykletun trur no dei har fått med dei fleste som kan ha nytte av arrangementet.

Konfransier Tor Øyvind Skeiseid losa deltakarane gjennom eit program der foredragshaldarane gjerne delte sine erfaringar med dei andre oppmøtte. Mellom anna fortalde Unn Birkeland om samarbeidet mellom Vannfestivalen på Ålgård og Gjesdal kommune. Ordførar Olaug Vervik Bollestad var opptatt av kor viktig festivalar er for omdømmebyggjing. Det blei òg eksempel frå Sildajazz i Haugesund ved Bjarne Dankel jr. og frå kulturarrangement i Dalane.

God til prat
I ein av pausane har Gjesdal-ordføraren og Unn Birkeland frå Vannfestivalen på Ålgård funne Gladmat-sjef Heidi Netland Berge. Praten går livleg om korleis dei kan klare å engasjere alle aldersgrupper og om dei kan få med fleire frå handelsstanden.

– Det er klart det er forskjell i størrelsen på både kommunane og festivalane. Men Vannfestivalen har sin eigenart. 10 000 besøkjande er like mange som kommunen har innbyggjarar, seier Bollestad.

– Ikkje berre konkurrentar
– Ja, og når nye festivalar kjem til, får eg ofte spørsmål om dei er konkurrentar. Er ser det ikkje slik. Jo fleire som er med, dess betre er det å få folk til å engasjere seg. Med meir aktivitet kan vi skape meir, seier Netland Berge.

– Me må òg bli flinkare til å sjå meir enn vår eigen kommune. Det årlege russetreffet i Kongeparken er ein av dei beste musikkfestivalane i landet for ungdom. Arrangementet er bra for Gjesdal, men òg for regionen. Dette er bra for omdømmet, seier Bollestad.

Gode diskusjonar
Det er ikkje tvil om at deltakarane har mykje til felles - og at dei har mykje å spørje om. Professor ved UiS og initiativtakar Reidar J. Mykletun er glad for at mange gode praktiske spørsmål blei tatt opp og at viktige diskusjonar fekk plass i programmet.

– Konferansen innfrir forventingane til arrangøren. Det er stort engasjement, og me ser at fleire tema faktisk kunne vore ein ny konferanse. Det er i alle fall sikkert at dette blir ein årleg seanse, seier Mykletun.

Glad for meir forsking
Gladmat-sjef Heidi Netland Berge er òg takksam for at det kjem meir forsking på festivalane.

– Det er viktig for oss som driv med festivalar å ha dokumentasjon. Til dømes gjorde Kari Einarsen ved UiS ei publikumsundersøkjing på Gladmat i 2008. Den nyttar eg no aktivt når eg er i kontakt med kommunar og sponsorar. Det at forskinga er gjort av UiS er ein tyngde i seg sjølv, seier Netland Berge.

Les meir om programmet og bakgrunnen for konferansen her.

 

 


Sist oppdatert av (09.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Her er eit bilete av Reidar J. Mykletun, Olaug Vervik Bollestad, Bjarne Dankel jr. og Unn Birkeland.
Reidar J. Mykletun overrekte gåver til (f.v.) Gjesdal-ordførar Olaug Vervik Bollestad, Bjarne Dankel jr. i Sildajazz og Unn Birkeland i Vannfestivalen på Ålgård.
Her er eit bilete av Britt-Synnøve Johansen med musikarar.
Britt-Synnøve Johansen har plateslepp 8. mars. På UiS urframførte ho musikk frå "Tango på norsk", som er hennar eigne gjendiktingar av argentinske tangotekstar.
Her er eit bilete av frå venstre konfransier Tor Øyvind Skeiseid, Gladmat-sjef Heidi Netland Berge, Mia Larson frå Göteborg Universitet, B. Szilvia Gyimothy frå Ålborg Universitet , professor Tommy Andersson og professor Reidar J. Mykletun.
Frå venstre konfransier Tor Øyvind Skeiseid, Gladmat-sjef Heidi Netland Berge, Mia Larson frå Göteborg Universitet, B. Szilvia Gyimothy frå Ålborg Universitet , professor Tommy Andersson og professor Reidar J. Mykletun.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER