Biblioteket på Arkeologisk Museum


Samlingane til biblioteket på Arkeologisk Museum kan brukast av alle tilsette og studentar ved UiS.

Biblioteket ligg i andre etasje på Arkeologisk Museum. Museet var tidlegare ein del av Stavanger Museum. Bibliotekressursane der blei delte då Arkeologisk Museum vart eit eige museum i 1975, med eige bibliotek.

Biblioteket sine hovudfagområde er arkeologi og konservering. I tillegg fins det litteratur innan fag som historie, botanikk, geologi m.m. Biblioteket abonnerer på ca. 80 tidsskrift, og har ei stor samling skrifter frå andre museum og tilsvarande institusjonar rundt om i verda. Flesteparten av desse får dei gjennom byteordningar, der dei byter bort sine eigne institusjonsseriar.

Etter at Arkeologisk Museum vart ein del av UiS i fjor har dei tilsette ved biblioteket hatt ei stor oppgåve med å få samlinga inn i Bibsys. Ca. 7000 bøker er lagde inn til no. Desse kan søkjast fram i Bibsys Ask. Det er framleis ein del bøker og mange tidsskrift og seriar som ikkje er lagde inn. Dersom du lurer på om biblioteket har ein tittel du ikkje finn i Bibsys kan du kontakte dei og spørre.

For dei tilsette på Arkeologisk Museum set biblioteket no i gang brukaropplæring i bruk av Bibsys og databasar biblioteket abonnerer på. Arkeologisk Museum har ikkje hatt tilgang til slike basar før samanslåinga med UiS, så dette er ein ny måte å bruke biblioteket på.

Alle tilsette og studentar ved UiS kan bruke biblioteket på Arkeologisk Museum. Alle er sjølvsagt velkomne til å besøkje biblioteket i opningstida. Det er leseplassar der, og etter kvart vil søkemaskinar og trådlaust nettverk komme på plass. Dersom ein treng å besøkje biblioteket utanom opningstida må ein avtale dette på førehand. Dersom ein vil ha bøker eller tidsskriftartiklar frå biblioteket kan ein også bestille, og få bøkene sende til Ullandhaug eller Bjergsted. Tilsette vil få bøkene i internposten, medan studentar kan hente dei i skranken på biblioteket der dei studerer. 

Opningstid for biblioteket på Arkeologisk Museum: 

Måndag - torsdag 9-15

Kontaktinformasjon:

Telefon: 51 83 26 10
E-post: ub-ark@uis.no

 


Sist oppdatert av John David Didriksen (20.01.2010)

Skriv ut artikkel print symbol