Kompetanseprogram på vind og vindteknologi ved UiS


Universitetet i Stavanger har planane klare for eit kompetanseprogram på vind og vindteknologi frå hausten 2010. I morgon vert dei presentert for Kunnskapsdepartementet.

Statssekretær Lisbeth Rugtvedt, avdelingsdirektør for kompetansepolitikk Gry Høeg Ulverud og fleire andre frå Kunnskapsdepartementet gjestar Dalane vidaregåande skule i Eigersund i morgon. Ei rekkje representantar frå skuleverk og næringsliv er også til stades.

Hensikta er å gjere seg kjend med satsinga på utdanning og næringsliv på vindkraft i Dalane-regionen. I den samanheng skal også Marit Karlsen Brandal, direktør i UiS Pluss halde foredrag om kompetanseprogrammet for vindkraft som Universitetet i Stavanger vil starte frå hausten av.

Vidareutdanning
Dette vil i første omgang vera eit program på 30 studiepoeng, som skal gå som etter- og vidareutdanning gjennom UiS Pluss. Det er spesielt eigna for leverandørindustrien til vindkraftutbygging.

I tillegg vil det også vera eigna for operatørar, tilsyn og offentlege styresmakter. Innhaldet i programmet er utarbeidd i samarbeid med industrien.

Leiande kompetanse
Det faglege ansvaret for programmet ligg under Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi, som har kompetanse i verdsklasse innan utbyggingar offshore for petroleumsindustrien. I tillegg har instituttet leiande kompetanse på vind og vindteknologi, med fleire patentsøknader på dette fagområdet.

Innhaldet i programmet vil dekka alt ifrå vind som naturfenomen til bygging og vedlikehald av vindmøller offshore. Ein del av programmet baserer seg på spesialtilpassing av tidlegare kurs, medan andre delar vil verta utvikla spesielt for dette programmet.

Informasjon
Kompetanseprogrammet som startar til hausten kan seinare inngå i eit eventuelt ordinært undervisningsprogram innan vindkraft ved UiS.

Arrangørane gjer merksam på at ei viss mengde påmeldte er nødvendig for at tilbodet skal bli realisert. Er du interessert i meir informasjon om det faglege innhaldet, kontakt professor Ove Tobias Gudmestad, eventuelt Marit Karlsen Brandal ved UiS Pluss dersom du har spørsmål til det administrative.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (18.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol