Støtte til Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism


Tidsskriftet Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism har fått støtte frå Nordisk publiceringsnævn for humanistiske og samfundsvidenskabelige tidsskrifter (NOP-HS). Publikasjonsstøtta blir delt ut etter strenge krav.

For tredje år på rad kom tidsskriftet gjennom nålauget og fekk tildelt publiseringsstøtte for 2010.

Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism blei starta av fagfolk ved Norsk Hotellhøgskole i 2001 med midlar frå Høgskolens universitetsfond. I dag er det eit skandinavisk samarbeidsprosjekt. Tidsskriftet blir gitt ut på det anerkjende engelske forlaget Routledge i eit opplag på 300 eksemplar med fire nummer årleg.

Professor Reidar J. Mykletun ved Norsk Hotellhøgskole, Jan Vidar Haukeland ved Transportøkonomisk institutt og Anette Therklesen, PhD, ved Ålborgs universitet er sjefredaktørar, og Trude Furunes ved NHS er redaksjonssjef i tidsskriftet.
Mykletun er glad for støtta frå Nordisk publiceringsnævn for humanistiske og samfundsvidenskabelige tidsskrifter, som representerer eit samarbeidsorgan for dei forskingsråda i Danmark, Finland, Island, Norge og Sverige som har ansvar for humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking.

– Støtta representerer ei viktig anerkjenning av relevansen til tidsskriftet, aktualitet og den vitskaplege kvaliteten. Det er òg ein hyllest til Universitetet i Stavanger som har våga satse på tidsskriftet, seier Reidar Mykletun, som er takksam for støtta dei no får til produksjonskostnadene. 
 
Tekst: Trude Furunes


Sist oppdatert av (08.01.2010)

Skriv ut artikkel print symbol