Nergaard inn i Maroff-styret


Professor Arnfinn Nergaard er vald inn i styret for Maroff, Forskingsrådet sitt program for maritim verksemd og offshore-operasjonar.

Nergaard er til dagleg professor i offshore-teknologi ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi på Universitetet i Stavanger sidan 2004. Han har tidlegare erfaring frå selskapa Smedvig Offshore, Norsk Hydro og Elf Aquitaine Norge.

Arnfinn Nergaard er utdanna sivilingeniør både i skipsteknologi og i petroleumsteknologi og nytta geofysikk frå NTH. Han har også ein doktorgrad i petroleumsteknologi og nytta geofysikk frå same stad.

Dei andre medlema i programstyret er:
Knut Andresen (leiar), viseadministrerande direktør i Brunvoll AS
Marielle Christiansen (vara), professor ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing på NTNU
Hanna Lee Behrens, direktør i Norges Rederiforbund
Rune Garen (vara), direktør Rolls Royce Marine AS
Christine Karlsen, avdelingsleiar i Miljøstiftelsen Bellona
Inge Sandaas, marinarkitekt i United European Car Carriers
Janne Grethe Strand Aasnes, administrerande direktør i Strand Havfiske AS
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (07.06.2013)

Skriv ut artikkel print symbol