Språkhefte til alle norske barnehagar


Eit nytt temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen blir i desse dagar sendt ut til alle norske førskulelærarar. Heftet er laga av ei gruppe fagfolk ved UiS på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD).

Forfattarane er førstelektor Anne Høigård og universitetslektor Ingeborg Mjør ved Institutt for førskulelærarutdanning og universitetslektor Trude Hoel ved Lesesenteret.

Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen er trekt fram som eitt av fire prioriterte område strategien til departementet for kompetanseutvikling i barnehagen for perioden 2007-2010. For å støtte barnehagen sitt arbeid med innføring av rammeplanen er det utarbeidt fleire temahefte. Heftet om språk er meint som inspirasjon og grunnlag for refleksjon i arbeidet med å leggje til rette for god språkstimulering i alle norske barnehagar.

Avgjerande kunnskap
I innleiinga vert det vist til at ei god språkutvikling er viktig for barn både på kort og lang sikt. Evna til å bruke språket er avgjerande for korleis barn kan kommunisere med vaksne og med andre barn, korleis dei kan setje ord på erfaringar, fortelje om noko viktig, diskutere og reflektere saman med andre.

Gjeld alle barn
Høigård forklarer at heftet omfattar alle barn, både dei med normal språkutvikling og dei med spesielle behov. Dei seks kapitla dekkjer det som skal inngå i planane til barnehagen.

- Vi har skrive om korleis barnehagen kan skape eit godt språkmiljø for alle barn, både i eit einspråkleg og i eit tospråkleg perspektiv. Dei fleste barna utviklar språket naturleg gjennom dei gode aktivitetane som skjer i løpet av barnehagedagen. Alle dei sentrale aktivitetane er viktig for barna si språkutvikling: Leik, samtale og det gode samværet. Song og forteljingar har også mykje å seie for ei god språkutvikling. Barna kan for eksempel ofte syngje ein tekst lenge før dei er i stand til å seie fram den same teksten, seier ho.

Språkutvikling vert prioritert høgare
Evaluering av den fyrste fasen av departementet sin strategi for kompetanseheving viser at språkmiljø og språkstimulering har stor prioritet i kommunane. Departementet har derfor satsa stort på temaheftet om språk og trykt det i heile 30 000 eksemplar.

- Vi ser at språkutvikling stadig vert prioritert høgare i barnehagane. Ein av grunnane til dette er at nesten alle barnehagar i Noreg har barn med anna morsmål enn norsk heime. Men det er også ei aukande forståing av at ei god språkutvikling er avgjerande ikkje berre for barna si kognitive utvikling, men også for den sosiale og emosjonelle utviklinga, fortel Høigård.

Temaheftet finn du her (pdf)

 


Sist oppdatert av (06.01.2010)

Skriv ut artikkel print symbol