Yrkesmesse for sjukepleiarstudentar


Torsdag 14. januar frå klokka 11 til 13 skal det vere yrkesmesse for sjukepleiarstudentar i Kjell Arholms hus. Hit kjem samarbeidspartnarar frå arbeidslivet og presenterer seg, og studentane kan sjå seg om etter jobbar.

Tredjeårsstudentar på sjukepleiarutdanninga har praksis både i kommunane, på private sjukeheimar og ved Stavanger Universitetssjukehus. No kjem praksisfeltet til UiS for å vise kva jobbar dei kan tilby når studentane er ferdige.

Mange påmelde
– Me har 23 påmelde, og det er me svært nøgde med. Dette er ein god moglegheit både for studentane og dei potensielle arbeidsplassane til å møtast og få kontakt med tanke på rekruttering og læringsmoglegheiter, seier Sigmund Slaattebræk, praksiskoordinator ved Institutt for helsefag.

Yrkesmessa har Institutt for helsefag hatt sidan årtusenskiftet, og er eit supplement til andre fagmesser. Tilbakemeldingane har vore gode. Arbeidsplassar har fått nye søkjarar, og nokre studentar har allereie her fått avtalar om jobb når dei er ferdige.

For alle årstrinn
– Timeplanen denne dagen er lagt slik at òg første- og andreårsstudentar får moglegheit til å komme. Fleire arbeidsplassar er ofte interesserte i vikarar, seier Slaattebræk.

Sjukepleiarar etterspurde
Sjukepleiarar er no ettertrakta på arbeidsmarknaden.

– Enkelte kommunar kjem med tilbod om ekstra løn til nye sjukepleiarar, og nokre slit med å få dekkje opp alle sjukepleiarstillingar, seier Slaattebræk.


Sist oppdatert av (11.01.2010)

Skriv ut artikkel print symbol