Ny database gir tilgang til aviser frå heile verda


Biblioteket har starta abonnement på databasen Library PressDisplay.

Library PressDisplay er eit spanande tilskot til biblioteket sitt utval av databasar. Det er ein database med aviser i fulltekst frå heile verda. PressDisplay gir i skrivande stund tilgang til nesten 1000 aviser frå 84 land på 40 språk. Ein får tilgang til kvar enkelt tittel 60 dagar tilbake. Eit utval av avisene kan ein også få lese opp, eller ein kan få teksten omsett til engelsk.

I motsetnad til vanlege nettaviser gir PressDisplay tilgang til absolutt alt som står i papirutgåva av avisa, som for eksempel kommentarstoff, mindre nyheiter, notisar og annonser. Ved å bruke PressDisplay går ein ikke glipp av noko.

Library PressDisplay inneheld ei rekkje moglegheiter for å søkje etter nyheiter og stoff om det ein er interessert i. Denne interaktive demonstrasjonen gir eit lite innblikk i kva basen kan by på.

Les meir om Library PressDisplay.



 


Sist oppdatert av John David Didriksen (07.01.2010)

Skriv ut artikkel print symbol