Aslaug Mikkelsen inn i UHRs forskningsutval


Universitets- og høgskolerådet (UHR) er det viktigaste samarbeidsorganet for norske universitet og høgskolar. Nyleg vart vår eigen rektor Aslaug Mikkelsen oppnevnt til representant i UHRs forskningsutval.

På styremøte 2. november 2009 vedtok styret i Universitets- og høgskolerådet (UHR) ei ny samansetting av UHRs forskningsutval der representantane frå universitet og høgskoler er nye frå januar 2010. Rektor Aslaug Mikkelsen skal sitje i forskningsutvalet. Torbjørn Digernes som er rektor ved NTNU, er leiar for utvalet.

UHRs forskningsutval er eit rådgjevande og koordinerande utval for Universitets- og høgskolerådet i saker som gjeld forskningspolitikk og forskerutdanning. Universitets- og høgskolerådet (UHR) er ein sentral premissleverandør til Storting og regjering og ein viktig utdannings- og forskingspolitisk aktør.

Representantane blir valde for fire år, men denne fireårs-perioden vil ikkje gå utover representantanes periode i relevant stilling ved eigen institusjon.

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (14.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol