Sola i krigen


Krigskyrkjegardane er stille vitne til menneska sine historiske tragedier. Nyleg kom boka Krigsminner med ny viten om krigsgravene på Sola. Forfattarane er tilknytte forskingsprogrammet minnestudiar ved Universitetet i Stavanger.

Forskarane Alexandre Dessingué og Marie Smith-Solbakken, begge ved Institutt for kultur- og språkstudiar ved Universitetet i
Stavanger, har samarbeidd med forskingsdirektør ved Maihaugen Hans-Jørgen Wallin Weihe, som òg er tilsett ved Høgskolen i Lillehammer. I ei ny bok har dei greve fram forteljingar knytte til gravene på Sola kyrkjegard.

Fortolkar minne
Boka formidlar krigshendingar og luftkampar som skjedde på Sola mellom 1940 og 1945. Og forfattarane skriv om kvar enkelt soldat og hending, diskuterer sorg og krigsbelastning i eit fleirgenerasjonsperspektiv og skildrar og fortolkar korleis dei falne blir minna.

– Boka tek ikkje berre føre seg historiske fakta, men ser òg fortida ut ifrå eit notidsperspektiv for å vise korleis vi som enkeltindivid og samfunn fortolkar og forvaltar minna våre, forklarer Dessingué.

Europeisk samanheng
– Mange kjenner ikkje til at det finst krigsgraver på Sola. Men slike krigsgraver frå samveldelanda finst mange stader i Noreg og i Europa, og dei er på mange måtar personleggjorde i og med at pårørande har hogge inn minneord i gravsteinane. Desse minneorda er viktige manifestasjonar av ei kulturhistorie etter andre verdskrigen, og dei fortel oss noko om korleis dei som vart att, ønskte at minnet skulle markerast, fortel Dessingué.

Dei falne kjem frå fleire kontinent, og kampane dei var ein del av, omfatta heile verda. Dei fleste av dei var flygarar og
flymannskap.

– Desse historiske hendingane plasserer lokale krigshendingar i ein europeisk samanheng. I tillegg har det vore interessant å sjå nærare på skiljet mellom det individuelle minnet og det kollektive minnet, fortel førsteamanuensen.

Nordisk nettverk
Dessingué er tekstforskar med kompetanse i fransk og spansk språk og kultur og leiar av eit forskingsprogram i minnestudiar ved Universitetet i Stavanger som har knytt til seg både historikarar, kulturvitarar, språkvitarar og litteraturvitarar. Programmet er medlem av eit nordisk nettverk som er finansiert av Nordforsk og koordinert av Universitetet i Lund sidan august 2009.

Saman med Ann Elisabeth Laksfoss Hansen og Ketil Knutsen frå IKS deltok dei nyleg på ein internasjonal konferanse i Lund.

– Det var spanande å vise fram forskinga vår. Det er verkeleg kjekt å vere med på å etablere eit nytt forskingsområde med mange entusiastiske kollegaer ved UiS, fortel Dessingué.

VIL DU VITE MEIR:
Alexandre Dessingué, Institutt for kultur- og språkvitenskap, UiS
Tlf.: 51 83 13 80
E-post: alexandre.dessingue@uis.no

TEKST: Karen Anne Okstad

 

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (28.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Bokomslag Krigsminner.
MINNESTUDIAR: Eit nytt forskingsområde som tek for seg minnestudiar, er etablert ved Universitetet i Stavanger. Det har blant anna resultert i ei ny bok om krigsminne som no er gjeven ut på Hertervig Akademisk.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER