Nytt nummer av UniverS


No er eit nytt nummer av eksternmagasinet UniverS ute. Her kan du blant anna lese om universitetets femårsjubileum og om emosjonell intelligens i helsesektoren, visjonen om null drepne i trafikken og historia til fortidslandsbyen Landa samt mykje meir.

Universitetet i Stavanger kan i år feire eit femårsjubileum. Samstundes er UiS eit universitet med røter 142 år bakover i tid. I dette nummeret av UniverS ser vi tilbake på historia mot universitetsstatus, resultata frå UiS sine første fem år, bildar frå feiringa av femårsdagen og utfordringar i framtida.

UiS-forsking på kvinnehelse
Å få eit barn er for mange eit av dei lukkelegaste augeblink i livet. Men som fersk mor kan ein også oppleve skam, angst og depresjon. I dette UniverS presenterer vi forsking frå Institutt for helsefag ved UiS som i fleire år har forska på korleis ein kan betre tiltaka for kvinner i sårbare situasjonar.

Nullvisjonen og holhistorie
I 1999 lanserte myndigheitene ein visjon om null drepne i trafikken. Forskar Trond Åge Langeland har sett nærare på korleis det står til med nullvisjonen i dag – ti år etter lanseringa.

Nokre hol i Forsand fekk arkeologane til å grave i 30 år. Hola var stolpehol som snudde opp ned på oppfatninga av korleis nordmenn budde og levde for 3000 år sidan. UniverS har vore på synfaring på Forsand med prosjektleiar Trond Løken frå Arkeologisk museum ved UiS.

Les UniverS nummer 4 2009.
Sjå tidlegare nummer av UniverS.
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (07.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Forside av UniverS nummer 4 2009.
HURRA: Ei gruppe femåringar frå SiS barnehage tok del i feiringa av femårsdagen til UiS. Eit nytt UniverS fortel om historia fram mot universitetsstatus og gjev vidare innblikk i noko av forskinga ved UiS.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER