Godkjend av NOKUT


Styret i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har godkjend kvalitetssystemet ved Universitetet i Stavanger.

Ein komité frå NOKUT vitja UiS i mai. Dei føretok då ei grundig gransking av institusjonen for å sjekke om kvalitetssystema oppfyller dei nasjonale krava. Etter to dagars gjennomgang varsla komiteen at dei var nøgde og ville gi ei positiv innstilling til styret i NOKUT.

I dag kom den offisielle tilbakemeldinga frå NOKUT-styret. Med dette er UiS godkjend som universitet for seks nye år.

Les meir om NOKUT-besøket i mai her


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (12.11.2009)

Skriv ut artikkel print symbol